Bok

Heitt begjær ved islagt hav

Ingeborg Arvola held fram med soga om kvensk liv på 1800-talet.

Ingeborg Arvola har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.
Ingeborg Arvola har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.
Publisert Sist oppdatert

Ingeborg Arvolas første bok om norsk-finsk liv midt på 1800-talet i Finnmark vart ein sensasjon då ho kom for to år sidan, ein bestseljar som også hausta mange prisar. For meg opna Kniven i ilden ei ukjend og fascinerande livsverd. Arvolas detaljkunnskap om dette for oss fjerne livet imponerte.

Også i den andre boka om livet til Brita Caisa Seipajærvi, tipptippoldemora til forfattaren, er den store styrken dei kulturhistoriske skildringane. Forfattaren gir oss rike detaljar om alt frå ymse konkret arbeid – fisketeknikkar, ullkarding, sauna- og byggjeskikkar – til meir usynlege, men like viktige element, som kulturelle kodar og reglar for takt og tone, tru og overtru.

Band 1 slutta med at Brita Caisa vart send i fengsel for utukt, eller «forargerlig samliv» som det heitte i dommen ho og kjærasten fekk. Ho møtte Mikko undervegs på den lange reisa ho la ut på frå heimplassen i Neiden mot finnmarkskysten på søking etter eit betre liv for henne og barna.

Mikko var gift, men gjekk likevel frå kone og storgard for å leve eit usikkert liv med Brita Caisa. Det er ikkje utan kostnad verken for dei sjølv eller dei rundt, men dei ofrar alt for kjærleiken. Mikkos forsmådde kone utgjer eit trugande og mørkt element, og dei sterke kjenslene hennar fører til ei av dei mest dramatiske scenene i boka.

Begjær

Vestersand opnar med at Brita kjem ut av fengselet, forkomen og gravid. I mørke og iskulde famlar ho seg fram utan å vite kvar ho kan finne ly, for vinden og for folkesnakket. Ho finn fram til gode folk hos sine eigne til slutt, men vegen framover mot lykka er full av hindringar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement