Helt i solned gangDen 12. mannKrigsdramaRegi: Harald ZwartDen 12. mann Med: Thomas Gullestad, Jonathan Rhys Meyers, Mads Sjøgård Pettersen

Den 12. mann byr på klisjéfest og nasjonalromantikkbonanza.

Thomas Gullestad spelar hovudrolla som Jan Baalsrud, som her vert hjelpt i land.
Thomas Gullestad spelar hovudrolla som Jan Baalsrud, som her vert hjelpt i land.
Publisert Sist oppdatert

Utanfor Tromsø i 1943 jobba tolv motstandsmenn for å organisera sabotasje mot planane tyskarane hadde for å byggja base i Bardufoss. Det som vart kalla Operasjon Martin Red, vart avslørt av ein lokal handelsmann, og båten med Kompani Linge-karane om bord vart angripen av tyskarane. Berre éin mann klarte å koma seg unna.

Overtydeleg

Det er 60 år sidan Arne Skouen filma same historia, ein innsats han vart nominert til Oscar for, med Ni liv (1957). Den ganske utrulege historia om ein av dei store krigsheltane våre, Jan Baalsrud, har premiere i beste juletid. Begge filmane er i stor grad baserte på boka We die alone, skriven av David Howarth i 1955. Ingen sit på den detaljerte sanninga, noko som kan vera ein fordel for ein kommersiell regissør som Harald Zwart. Freistinga til å utbrodera og overdriva må vera aldeles uunngåeleg. Resultatet når ein fell for dette, er at ein endar opp med nok eit klisjéfylt krigsdrama. Visst er det rørande når kameratane til Baalsrud syng «Gud signe vårt dyre fedreland» rett før dei vert avretta. Visst gjer det inntrykk at Sturmbannführer Kurt Stage (Meyers) sjølv testar temperaturen i den iskalde sjøen. Men desse scenane fungerer som opplagt publikumsfrieri og bidreg til at filmen verkar mindre truverdig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement