Bøker
Hemntankar frå kjellaretasjen
Ei urovekkjande novelle skisserer eit liv i ferd med å krakelere.
Oddmund Hagen har gjeve ut både diktsamlingar, romanar og novellesamlingar. I 1996 fekk han Nynorsk litteraturpris.
Foto: Geir Mogen
Då eg las novella til Oddmund Hagen, hugsa eg eit eldgamalt Radionette-apparat som stod på soverommet mitt då eg var lita. Når eg skrudde langsamt på søkjaren, blippa ein kakofoni av lydar og framande språk inn via lange og korte bølgjer. Lyden opna opp for ei verd utanfor barnerommet. Slik god litteratur kan hente opp eigne minne og utvide verda di.
Hovudpersonen i den lange novella Forklaring, ein førtidspensjonert lærar, har ei vond og trøblete, men òg ei vakker og biletrik historie å fortelje. Minnebileta hans set i gang tankerekkjer hos han sjølv, og hos lesaren.
Bitre historier
Som det frå barndomen hans, om vibrasjonen og duren av telefonleidningen som festa i husveggen vart til den draumen: «... einstonig og søvndyssande samtidig som den heldt deg vaken og fekk deg til å tenkje at denne telefonstrengen er del av noko større som løfter deg ut av tid og rom og inn i noko anna der du sjølv er ein bitte liten del...»
Slike bilete vender læraren stadig attende til når han så fint formulerer det: «... dett ned i barndomen, ein etasje under der du lever». Desse bileta som på same tid er nærverande og utvidar medvitet, vert etter kvart kopla til det private krosstoget til den nidkjære læraren, til bitre historier som ikkje gjev han sjelefred.
Når forteljinga tek til, er han på øya der han voks opp. Ei observerande, allvitande forteljarrøyst skapar ein roleg distanse ved både å vere og vende seg til læraren med eit namnlaust du.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.