Bok
Ho som får ting til å skje
I Jægtnes’ fantasifulle soge går fakta og fiksjon opp i ein medrivande heilskap.
Hilde Susan Jægtnes er manusforfattar for film og TV og har fem skjønnlitterære utgjevingar bak seg.
Foto: Paal Audestad
Hilde Susan Jægtnes har også i andre utgivingar synt seg som ein mangearta og lite skuggeredd forfattar. Tidlegare i år kom boka som skulle vere ein forløpar til Margit Sandemos Isfolket-serie. Som ho gjorde for nokre år sidan, går forfattaren laus på historisk stoff og vidkjende personlegdomar.
Denne gongen handlar det om mange av dei som sette aller størst merke etter seg, kulturelt og politisk, i Europa frå rundt hundreårsskiftet og fram til halvvegs inn i 1900-talet. Hovudpersonen Anitra er Edvard og Nina Griegs fiktive dotterdotter.
Opplagt har det blitt ein roman der musikken har stor plass. Det er ikkje mitt felt, andre får dømme om den musikkvitskapelege gehalten held mål. I alle høve har fleire musikalske geni frå den aktuelle historiske perioden blitt levande karakterar, med både sterke og mindre flatterande sider. Framstillingane er fulle av uærbødig humor. Her er også medrivande skildringar av musikken sjølv, både av dei konkrete tonale lydane og av dei emosjonelle effektane. Ein får lyst til å gå til dei store komponistane og lytte når ein les Anitra.
Mektige mytar
Eit forsøk på å gjenfortelje den mangslunge handlinga i korte trekk og med nokre lange tidshopp vil gå om lag slik: Anitra Grieg veks opp på Troldhaugen. Ho får musikken inn – ikkje med morsmjølka, mora er over alle haugar – men i staden for denne, kunne ein seie. Det er aldri nokon tvil om kva jentungen skal bli.
Den første operaen komponerer ho som tenåring. Skade (etter ei jotunkvinne) blir ein stor suksess med sjølvaste Kirsten Flagstad i hovudrolla. Det mytiske stoffet følgjer gjennom heile romanen. Anitra er intenst opptatt av kvinnemytar og gudinner, både våre eigne norrøne og dei endå eldre frå området rundt Middelhavet. I dette romanuniverset blir ikkje berre fiksjon og fakta blanda, men også det overnaturlege har ein plass. Anitra ber med seg ein spesiell talisman for kraft og støtte i det omflakkande livet som blir henne til del. Den mystiske meteorsteinen stammar frå ei eldgammal gudinne, Kybele frå førgreske kulturar. I nokre kapittel er steinen gitt ei eiga stemme.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.