Teater
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Ein kan tenkje at regissør Kjetil Bang-Hansen og skodespelar Svein Tindberg har fortalt det som er å fortelje frå Bibelen, etter at dei sidan 1995 har framført Markusevangeliet, Apostlenes gjerninger og Abrahams barn for fulle teaterhus. Er det ikkje nok no?
Faktisk ikkje. I Esau og Jakob greier Tindberg på rørande vis å få glimt frå ein barndom på sommarferie hos tante og onkel i Horten til å gå i dialog med maktkampen mellom tvillingane Esau og Jakob for fire tusen år sidan. Regissør Bang-Hansen syter for at dei bibelske historiene vert saumlaust kommenterte av Tindbergs kloke refleksjonar om konfliktar i dag, på individuelt og internasjonalt nivå. Stykket kjennest djupt eksistensielt og nærgåande.
Enkel scenografi
Scenografien til Milja Salovaara er stilrein: På golvet ligg eit handvove teppe, medan eit liknande teppe tener som bakvegg. To krakkar, ein skodespelar og eit bladlaust tre. I greinene heng bilete av Abraham og Sara, Isak og Rebekka, og etterkomarane deira. Det er eit pedagogisk grep for at vi ikkje skal gå surr i namna. Men bileta er for små til at dei blir noko meir enn vakre oppheng.
Tindberg held likevel god orden på kva som skjedde med Esau og Jakob, formødrer og forfedrar, og levandegjer på framifrå vis kjenslene deira. Alt då tvillingane låg i magen til Rebekka, slost dei. Når ho ber Gud om råd, er svaret at det bur to folkeslag i morslivet hennar. Dei skal skiljast før fødselen, og den eine skal bli sterkare enn den andre. Konfliktane i Midtausten trer fram, då som no.
Finst tilgjeving?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.