Musikk
Høgdepunktet
Grete Pedersen dirigerte Johannespasjonen med energi som eit damplokomotiv.
Grete Pedersen dirigerer Det Norske Solistkor og Rosendal Barokkorkester i Riddarsalen.
Foto: Liv Øvdal
Det er smått utruleg, men eg måtte til Rosendal for å oppleva den beste konserten under årets festivalsesong, nærare bestemt til ei ombygd løe på avlsgarden nedanfor baroniet. Riddarsalen, blir denne konsertløa med 460 sitjeplassar kalla, som trass i at ho er lang og smal, har god akustikk. På laurdag fann det som må vera Rosendal Kammermusikkfestivals største produksjon til no stad her: To framføringar av Bachs Johannespasjonen, BWV 245, med Det Norske Solistkor og Rosendal Barokkorkester, dirigert av Grete Pedersen. Eg var på den fyrste framføringa.
Alt i dei fyrste, nervøst pulserande taktane av opningssatsen fekk eg kjensla av at dette ville bli ei konsertoppleving utanom det vanlege. Tempoet var høgt, strykarklangen spenstig, dei kvasse dissonansane i oboane skjerande, og då koret kom inn med utropet «Herr, unser Herrscher», gjekk det kaldt nedover ryggen på meg. Det finst mange måtar å spela snøgt på. Dirigenten Pedersen musiserte hastig, men utan at det verka hastande, og den massive klangen kjendest aldri tyngjande.
Landshovdingrøyst
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.