Film

Høgspent judokamp

Iransk politikk og internasjonal idrett skapar sitrande spenning i Tatami.

Leila (Arienne Mandi) er på det iranske i judolandslaget i VM i 2019, men den viktigaste kampen i denne filmen skjer utanfor matta.
Leila (Arienne Mandi) er på det iranske i judolandslaget i VM i 2019, men den viktigaste kampen i denne filmen skjer utanfor matta.
Publisert

Det iranske judolandslaget for kvinner kjem til Tbilisi i Georgia for å delta i VM i 2019. Leila (Mandi) kan ta gull. Trenaren Maryam (Ebrahimi) verkar nervøs. I kulissane lurer lumske menn som har ordre frå Ali Khamenei om å få Leila til å spele skadd, i tilfelle ho må møte ei israelsk utøvar. Familien hennar heime i Iran feirar kvar kamp, medan spenninga stig politisk og sportsleg.

Lagsport

Regissørane Zar Amir Ebrahimi og Guy Nattiv har sydd saman ein stram og intenst spennande film. Ein skjønar fort at valet av smalformat og svart-kvitt har ein funksjon i lag med kjapp klipp og nærgåande, ustabilt kamera. Klaustrofobien, uvissa og truslane frå skuggar, tribunar og telefonar er kvelande. Blandinga av politisk spel og idrettsdrama fungerer glitrande. Det er likevel ingen tvil om at den viktigaste kampen skjer utanfor tatamien, altså matta. Eg held pusten etter kvart som innsats og risiko aukar.

Iransk-chilenske Arienne Mandi fortener medalje for hovudrolla. Ho har fysikken og intensiteten i blikket, med blanding av raseri, frykt og trass. I rolla som Maryam får Zar Amir Ebrahimi den mest komplekse rolla, i skvis mellom ein brutal stat og stønad til idrettsutøvaren med fridomstrong. Stjerna frå Holy Spider (2022) får på framifrå vis fram dei vekslande kjenslene. Det er ikkje sikkert kven Maryam skal vere lojal mot.

Amir Ebrahimi er like sterk i skodespel som i regigrep. Regien deler iranaren med israelske Guy Nattiv, som sist stod for trauste Golda (2023). Medforfattar Elham Erfani spelar jamvel assistenttrenar. Ho skal ha sin del av æra for effektiv forteljing og rike perspektiv.

Kamplyst

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement