Bok
Honningfella
Honningbiene kan ikkje erstatte villbiene.
Buksebia, med sine gylne slengbukser,
er ei av dei vakraste villbiene.
Illustrasjon: Katrine Torp Bie
I Noreg har vi éi honningbie, 35 artar av humler og i tillegg 175 ville bieartar som er heilt eller delvis solitære. At dei er solitære, eller einslege, betyr at dei ikkje lagar kubar eller bol, men lever i einsemd og legg egga sine i gangar dei grev i jorda, morkne trestubbar eller hole strå.
Dei fleste solitære villbiene er små, mørke og vanskelege å få auge på, men dei har ei viktig rolle i pollineringa av mjødurt, raudkløver, blåknapp og resten av den blømande rikdomen som utgjer ein så viktig del av den skandinaviske sommarpaletten.
Forfattaren av Bienes verden. Om villbier og en sommerøy, med det rett så treffande namnet Henninge Torp Bie, er ein ung biolog med stor interesse for insekt, særleg dei som flyg. Ho er fagansvarleg for artiklar om bier hos Store norske leksikon og er med på fleire prosjekt for kartlegging av humler og sommarfuglar. Boka er også illustrert med delikate svartkvitt-teikningar av søstera til forfattaren, Katrine Torp Bie.
Kvardagspoesi
Familien til forfattaren har eit sommarhus på Eløya, ytst i Oslofjorden, og mesteparten av naturskildringane og bieobservasjonane i boka er frå denne øya. I omtalen av dei mange artane av bier og humler skriv Bie med eit klårt og konkret språk, med vekt på korrekte vitskaplege namn og omgrep.
I undringa over naturen hentar ho mykje inspirasjon frå Hans Børli og Jón Kalmar Stefansson, men sterkast synest eg det blir når forfattaren sjølv løfter blikket og formidlar den levande naturen på Eløya med eigne, poetiske vendingar, som her: «Kveldslyset treffer blomstene i en gyllen vinkel.» Dei latinske, vitskaplege, namna er i seg sjølv også vakker kvardagspoesi. Berre prøv deg på desse: Megachile lagopoda, Anthidium maricatem eller Seladonia tumulorum.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.