Bok
Hovdingen
Arbeidet med arkivkjelder og eigne intervju imponerer, men ein må spørje seg om biografen har gått for langt i å rive ned hovdingbiletet av Berge Furre.
Professor Berge Furre på kontoret sitt på Det teologiske fakultetet i 2001.
Foto: Heiko Junge / NTB
Då Berge Furre døydde i 2016, vart han hylla som ein hovding. Ein «bauta» på venstresida i politikken, eit samlingspunkt for fredsrørsla, høgt verdsett av målfolket og i kyrkja. Ein mann mange såg opp til og beundra. Partileiar, stortingsrepresentant, professor og prest. Medlem av Nobelkomiteen. Vinnar av Fritt Ord-prisen, Storegutprisen og Noregs Bondelags pris for godt bondevit, for berre å nemne nokre av heidersteikna han hadde motteke.
Arnhild Skres bok om mannen gjev i ytre format til kjenne at dette er soga om ein stor mann, fortald over 591 sider tekst og rikeleg med notar og kjelder i tillegg. Men den trygge og tillitvekkjande hovdingen er ikkje den karen vi møter inni boka. Tvert om, hevdar forfattaren. Det ho fann, var ein rastlaus person, naga av tvil gjennom eit liv prega av skiftingar og skarpe brot. Og som ikkje alltid fortalde sanninga.
Feilgrep
Mest oppsiktsvekkjande er det biografen har funne om Berge Furres kontakt med DDR i ungdomstida, då han skreiv artiklar for kommunistregimets propagandaapparat, godt lønt. Furre heldt kontakten hemmeleg den gongen og tagde om det seinare. Noko eigentleg brot med norsk lov var dette ikkje, hevdar forfattaren, og truleg har ho rett i det (med unnatak for skattelova?).
Skre impliserer likevel at det gav grunn for overvakingspolitiet til å halde auge med Furre. Og utan at ho trekkjer konklusjonen sjølv, kjem det klårt fram at det var eit feilgrep å setje han inn i Lundkommisjonen som granska overvakinga til dei hemmelege tenestene i 1994. Han hadde for mykje å løyne. Når overvakingspolitiet vart stogga i å etterforske han i tyske arkiv, står dette fram som eit nytt feilgrep. Immunitet mot politietterforsking på grunn av politiske posisjonar høyrer ikkje heime i ein rettsstat som Noreg. Furre bad seinare om innsyn i mappa si og kunne puste letta ut. Den fulle sanninga hadde overvakarane ikkje funne ut av.
Framstillinga kviler på eit arbeid med arkivkjelder og eigne intervju som imponerer. Dette er framifrå biografihandverk. Vi følgjer mannen kronologisk, frå vogga til grava. Livssoga vert skildra med autoritet, og omsynet til sanninga veg heile tida tyngre enn omsynet til pietet og diskresjon. Rett nok: Fures vener er dei viktigaste kjeldene og rosande sitat langt oftare å finne enn dei kritiske. Men Furre vert utlevert til lesarane på godt og vondt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.