Musikk
Høystemning
Horsegiirls medrivande dansemusikk skapar planetarisk solidaritet på tvers av artane.
Det kjennest trygt å hevde at tyske Horsegiirl er blant dei absolutt
største hesteartistane om dagen – elles har vi australske
Partiboi69 (som strengt tatt berre samarbeider med hestar) og
rockebandet Horsegirl (med éin i), som kjem ut med ny plate neste
veke. Vi ser òg bort ifrå den kvasinorske DJ Muggs, kjend for sin
hesteliknande produksjon på dei segnomsuste Cypress Hill- og House
of Pain-songane «Insane in the Brain» og «Jump Around», men
Horsegiirls musikk er absolutt av typen ein kan hoppe kringom til – ein medrivande fusjon av lett galopp-pop og lynrask, kraftfull tekno
som sparkar godt ifrå seg.
Den oppsiktsvekkjande antropomorfe framtoninga hennar inspirerer folket til å
more seg og sleppe maska, så å seie. Der ho tidlegare har fått massane til å galoppere til utprega eurodance-inspirert song og
produksjon – låta «My Barn, My Rules» blei ein massiv TikTok-hit i 2023 – er den nye EP-en v.i.p. – very important pony tydeleg i sine 90-tals-hardstyle-referansar. Her er ho planta i 90-talsdansemusikk, særleg rotterdamsk hardstyle,
og resten i moderne klubbmusikk. Det går unna, men musikken
er likevel lett å følgje og synge med på.
Horsegiirl er halvt
hest og halvt menneske, ei kraftmaskin av visdom og klokskap. Som ho
sa i eit intervju med dansemusikkplattforma Resident Advisor nyleg,
er det på tide at menneska jekkar seg ned og forstår at dei faktisk ikkje står
øvst i artshierarkiet på planeten. Hesten, mennesket og resten
står alle i hop saman, og Horsegiirls musikk er slikt som kan
synkronisere oss i ei tid i utakt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.