Film

Hyggje frå helvete

Det er smertefullt å sjå det ypparste av skandinavisk skrekkfilm.

Målet til regissør Christian Tafdrup var å lage «Danmarks mest ubehagelege film».
Målet til regissør Christian Tafdrup var å lage «Danmarks mest ubehagelege film».
Publisert

Ein dansk kjernefamilie med mamma Louise (Siem Koch), pappa Bjørn (Burian) og dottera Agnes er på ferie i Toscana. Der er det god mat, drikke og musikk på den staselege garden dei vitjar. Stemninga stig når dei blir kjende med ein nederlandsk familie på tre der faren Patrick (van Huet) er ein livsglad kar utan den sosiale varsemda danskane ber på, sjølv om danskane hevdar å likne meir på nederlendarar enn på trauste, politisk korrekte svenskar.

Sonen Abel har ein snev av Damien frå Omen-filmane. Ei tid etter ferien inviterer dei nye vennane danskane på visitt. Familien køyrer ned til Nederland for nokre dagar. Kva er det verste som kan skje? Det blir sikkert ei hyggjeleg helg. Eller ikkje.

Sosial skrekk

Djupe blåsarar og sinte strykarar varslar dårleg stemning over idylliske bilete. Det er så drygt at det er morosamt snarare enn skummelt. Lyden ber bod om at dette er ein film som med glede utfordrar konvensjonar. Trass i merkelappen «grøssar» sklir det ikkje ut i kvepp og blodsprut med det første. Den sosiale angsten er derimot sterk. Patrick er ein hemningslaus sjarmør. Morten Burian og Sidsel Siem Koch er båe fortreffelege i rollene som danskar med trygt liv og fredeleg fasade som for alt i verda vil glatte over mogelege konfliktar.

Nokre av dei positive kritikkane filmen har hausta, har drege parallellar til Ruben Östlund, trass i at han aldri har laga skrekkfilm. Svensken er rågod til å få folk til å vri seg i kinosetet på grunn av sosialt pinlege situasjonar. Slikt finn vi òg i rik mon i Speak No Evil. Den engelske tittelen siktar til frykta for å snakke om det utrivelege. Det danske paret er fanga i sosiale reglar. Trongen til det høflege er sterk. Ein lyt halda familiefasaden. Uroa i samtalane kjennest ekte. Uvisse og gryande frykt glir galant over i kvarandre. Angsten smittar raskt gjennom lerretet.

Dansk dynamitt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement