Bok

I himmelen og på jorda

Julia Martincic skriv originale tekstar frå uvanlege perspektiv.

Julia Martincic er utdanna journalist og har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. No debuterer ho med ei novellesamling.
Julia Martincic er utdanna journalist og har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. No debuterer ho med ei novellesamling.
Publisert

Musikkgruppa deLillos syng om at hjernen er åleine, ein song som alltid får meg til å sjå for meg ein einsleg overlevande på ein aude planet. Noko av den same kjensla har eg stundom under lesinga av novellesamlinga Hjertet er en alien av debutanten Julia Martincic, men ikkje heile tida.

Perspektivet er ofte uvanleg i denne samlinga, der tekstane er ulike på eitt plan, men i slekt med kvarandre på andre måtar. Setting, ståstad og miljø er sjeldan frå ein kvardag denne lesaren kjenner seg att i, men relasjonane mellom personane er likevel plausible, når ein tek vekk dei avvikande føresetnadane.

Kulturelle fenomen

I den første teksten forstår lesaren at eg-personen er ein robot. Han ser ut som eit menneske og gjer små og store oppgåver i ein privat heim, der det bur ei lita jente som er den som knyter seg nærast til roboten. Det finaste med teksten er at roboten stiller seg spørsmål ved opplevingane sine, han er ein framand i seg sjølv, eller reaksjonane hans er slikt han ikkje har språk til å laga logiske omgrep om. Hjå han er hjartet verkeleg ein alien. Denne novella er aktuell i våre dagar, og Martincic held seg i det heile ofte til slike tema, stoder eller kulturelle fenomen som høyrer samtida til, anten slikt som ligg føre, eller som science fiction av mildt dystopisk karakter.

I teksten «Lillanatt» til slutt i samlinga har folk, vonleg lenge etter vår tid, truleg hamna på Mars, der dei lever heller kummerleg som rotfruktknaskande kuppelbuarar. Teksten har sin eigenart, men nokre småting minner meg om filmen The Martian, der rollefiguren til Matt Damon vert etterlaten på Mars. Han overlever ved å dyrke poteter, og han gjer det eg sjølv alltid har gjort i mine femti år som potetdyrkar: Han helsar på plantane når dei først kjem til syne.

Framand planet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement