I morgon dansar vi

Mounia Meddour held framleis ei fengjande feministisk fane høgt i Algerie.

Lyna Khoudri i hovudrolla som den talentfulle dansaren Houria.
Lyna Khoudri i hovudrolla som den talentfulle dansaren Houria.
Publisert

Houria (Khoudri) går på ballettskule i Alger. Ho er ambisiøs og fryktlaus. På fritida spelar ho pengar på ulovlege saueslåstkampar for å tene pengar til å kjøpe bil til mor si. Etter sigrar til villstyringane Putin og Trump stangar bin Laden ned Obama, og Houria innkasserer ein god sum. Ein tvilsam type som luktar trøbbel heile vegen, skrik om juks og følgjer etter henne gjennom mørke smug. Han angrip, og ho blir alvorleg skadd. Vegen tilbake til livet er tung.

Traume

Regissør Mounia Meddour køyrer på med tempo og intensitet. Ho er opptatt av presisjon. Ein høyrer at lydarbeidet held høgt nivå, spesielt når vind, pust og bølgjer gjer seg gjeldande. Ettermiddagssola på takterrassen får fram sansen ho har for ljos. Desse trekka minner om den fantastiske debuten til Meddour, Papicha frå 2019. Båe filmane er knytte til trauma frå dei valdelege åra på nittitalet og erfaringane Algerie har med terror. Igjen er kvinnene offer og modige motstemmer. Filmane er terapi. Dei estetiske motiva har skifta frå klesdesign til dans. Ulike kunstartar kan ha medisinsk effekt.

Dansen symboliserer fridom. Litt i likskap med den georgiske godbiten I morgen danser vi kan ein uttrykke opprørske kjensler med kroppen etter store kriser. Her òg er lydsporet fylt av slagerar med meining. Pophitar som «Gloria» av Umberto Tozzi og «Single Ladies (Put a Ring On It)» av Beyoncé blir blanda med Maria Callas og arabiske godbitar av mellom anna Warda og Rayan & Rima.

Språket er sentralt. Først som sosial markør i vekslinga mellom arabisk og fransk, seinare gjennom teiknspråk til hjelp i eit trygt miljø for folk som freistar lækje ulike sår i sjela.

Fellesskapa

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement