Film

Ikkje godteri nok

Verken songane, historia eller snopet held mål i Wonka.

Timothèe Chalamet i rolla som Willy Wonka.
Timothèe Chalamet i rolla som Willy Wonka.
Publisert

Ingenting betyr noko for unge Willy Wonka (Chalamet), anna enn å laga sjokolade. Pengar har han mindre av, så før han får sukk for seg, har han late seg lura opp i stry og gjeld av vertshusslemmingen fru Skrubitt (Colman). Saman med den vesle tenestejenta Nudel (Lane) og dei andre gjeldsslavane plottar Wonka ein plan for å ta over sjokoladekartellet i byen.

Knekkolade

Willy Wonka før han starta sjokoladefabrikken, er jo eigentleg eit strålande konsept. Alt det bra som Roald Dahl fantaserte opp, er alt der framme, så då er det berre å smørja på med spesialeffektar og kva som helst slags tynn historie og blanda inn alt det fantastiske frå Dahls univers.

Ja, og mens me er så godt i gang: Kvifor ikkje rett og slett putta inn nokre songar og dansesteg? Fordi resultatet blir deretter: overlest og klissesøtt. Difor. Akkurat denne kombinasjonen kan nok fungera for mange, særleg dei minste, men då må eg koma med min aller strengaste kritikk, nemleg at sjokoladen og godteriet ikkje ser godt nok ut.

Kva tid fekk du lyst å setta tennene i ein sjokolade som lagar knekkelyd? Sterk raudstrek i blokka mi for feilande lydbruk. Og flytande sjokolade må jo sjå passeleg tjukk og klissete ut for at ein skal drøyma om å symja i han, ikkje som jamt sølevatn. Dei blåe sukkerblomane ser mest ut som sånt etande pynt du finn på marsipankaker, og som du alltid blir skuffa over når du puttar i munnen. Nei, nei, nei! Wonka ville snudd seg i grava om han var ekte og daud.

Ikkje konge

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement