Film

Inga kjære mor

Eg kan jo tilrå ein totalt bananas tre timar lang film, men gjer eg det?

Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som den angstfylte Beau som mistar mor si i ei ulukke.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som den angstfylte Beau som mistar mor si i ei ulukke.
Publisert Sist oppdatert

Angstfylte Beau (Phoenix) bur i eit slags dystopisk helvete av ein by, der han knaskar tablettar og gjer sitt beste for å skilja røynd frå mareritt. På veg heim til mor (LuPone) vert han fråstolen nyklar og bagasje, og han rekk ikkje flyet.

Då han prøver finna ein måte å koma seg vekk frå helvetet som rasar rundt han på, rasar ei lysekrone rett i hovudet på mora og drep ho momentant. Reisa heim til gravferda blir berre fortsetjinga på galskapen.

Psykisk bikkje

Joaquin Phoenix kan utrangla til fingerspissane. Han nærast luktar gjennom lerretet, av uvaska, medisinert middelaldrande mann. Auga speglar djup fortviling, og det har dei god grunn til. Eit heilt liv har han levd under tommelen til mora, ho er både livlina hans og loddet som dreg han under. Far har aldri vore med i biletet – han døydde før Beau vart fødd, ei hending mor aldri sluttar å minna han på – ein lagnad Beau kjem til å dela, at han skal døy tidleg viss han ikkje er forsiktig – særleg med damer.

Om du vil ha eit godt eksempel på manipulerande mødrer i kategorien «regelrett psychobitch», så er du komen til rett film. Familien som tek han inn i fyrste del av filmen, har psychobitcher i alle aldrar og kjønn – det er også her eg fyrst får ei kjensle av at Beau Is Afraid er ein slags The Truman Show (1998) på syre – filmen der Jim Carrey går rundt i det han trur er røynda, men via film og TV følgjer alle med på han og kva som skjer, utan at han er klar over det. Kva er iscenesett, kva er ekte?

The Aster Show

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement