Bok

Inga kvinne er ei øy

På nesten ingen sider skriv Mette Karlsvik om jorda frå inst til ytst, og om det meste av menneskelivet.

Metter Karlsvik fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for debutromanen i 2005.
Metter Karlsvik fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for debutromanen i 2005.
Publisert

Bakgrunnen for Mette Karlsviks siste roman er øya Surtsey, som blei til etter eit vulkanutbrot i 1963. Øya «la på seg» etter fleire utbrot dei neste åra, og ho er sidan blitt redusert av vind og bølger. Det har altså vore ei øy i jamn forandring, frå å ikkje vere ei øy i det heile.

Parallellen til hovudpersonen Sóley og skolekameraten Vi¿ar er til stades. Det er jonsok og ungdomsfest i Tollbua. Nykonfirmerte Sóley kjenner seg utanfor. Ikkje likar ho at folk drikk, og ho har aldri kjent seg som ein del av «gjengen». Men dette er ei feiring av overgangen til vaksenverda, på midtsommarsdagen då alt umogleg er mogleg, det står meir på spel no. Så ho går inn på festen og snur igjen: «No veit Sóley kva det er å vere på fest.»

Ho blir sitjande i hamna, der ho møter Vi?ar. Han er ikkje heilt edru, men heller ikkje heilt bortsegla. I staden er det dei to ungdommane som skal segle bort saman, på ei farefull ferd. Snart er dei langt frå land i seglbåten, mørket og tåka kjem, havet syder og oppfører seg rart, og til sist må dei beskytte seg så godt dei kan mot oske og fallande stein.

Det er Surtsey som blir til. Samstundes blir dei to ungdommane til. Gjennom samværet og samtalen, redsla og styrken i denne heilt spesielle hendinga, blir dei kjende med seg sjølv og kvarandre. Eller som forfattaren skriv: «Ei ny øy står no der og blir framleis til.»

Ikkje 90-talet

Den korte romanen har eit både poetisk og naturvitskapleg språk. Somme tider politisk. Midt i klangen av nøye komponerte setningar finn vi lavaerupsjon, mikroorganismar, glaspartiklar og kolonisering. Det føregår saumlaust, sidan poenget til Karlsvik, der ho teiknar opp dei geologiske forholda frå jordas indre til over havflata, er å knyte naturfenomen og menneskeleg erfaring saman. For ikkje å seie kunstnarisk erfaring: «Men geologisk dramaturgi er, på botnen, teatralsk. Han teiknar opp eit landskap av horisont som blir brote av ei øy, ei øy med stigningar og fall. Linene blir teikna av kreftene innanfrå og utanfrå.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement