Musikk

Ingen syng Dylan som Cat Power

Haustens beste Dylan-plate er det ikkje mannen sjølv som står bak.

Bak artistnamnet Cat Power skjuler Chan Marshall seg.
Bak artistnamnet Cat Power skjuler Chan Marshall seg.
Publisert

Idet flokkar med trufaste Dylan-lyttarar denne fredagen samlar seg rundt den dagsferske boksen i Bootleg-serien, konsertopptaket The Complete Budokan 1978, med ein miks av plikt og utforskarglød, er det freistande å stadfeste at det ikkje er mannen sjølv som står bak den beste Dylan-utgivinga denne hausten, men snarare Cat Power, som i desse dagar er aktuell med livealbumet Cat Power Sings Dylan: The 1966 Royal Albert Hall Concert.

Kunstnarleg triumf

Bakgrunnen for Cat Powers album er at Chan Marshall, som står bak artistnamnet, fann ut at ho sjølv skulle framføre Dylans 1966-konsert i Royal Albert Hall i same konsertsal, og slik vart det, for eit års tid sidan. Den dristige ideen er full av risiko og fallhøgde, men når opptaket no føreligg, står prosjektet fram som ein kunstnarleg triumf for ein av dei verkeleg store fortolkarane av rocketradisjonen i vår samtid.

I realiteten var det myteomspunne konsertopptaket Cat Power tolkar, som har sirkulert på piratplater sidan den gongen, henta frå Manchester, ikkje London, men det doble settet var ganske likt på turneen den gongen: Først spelte Dylan nokre songar åleine, med kassegitar og munnspel, før han kom på med The Band etter ein pause. Cat Power held på denne strukturen, med eit akustisk sett etterfølgt av eit elektrisk sett.

Ingen syng Dylan som Dylan sjølv, heitte det i ein kampanje plateselskapet hans Columbia køyrde ut ein gong på 60-talet. Sant nok, og serien med piratutgåver og sjeldne spor som har fått namnet Bootleg series har inspirert til ein del revisjonisme, der materiale som ikkje berre er fullt på høgde med, men også betre enn det som vart utgjeve, har sett dagens lys.

Når det gjeld konsertane mannen heldt i Japan i 1978, som tidlegare har vorte representerte på albumet At Budokan (1979), endrar likevel ikkje den nye, meir omfattande boksen totalinntrykket, nemleg at turneane tidlegare på 1970-talet var av eit heilt anna – og betre– kaliber. Sjølv høyrer eg til mellom dei som ikkje heilt klarer å halde ut det aggressive fløytespelet til Steve Douglas på fleire av versjonane frå denne Dylan-epoken, og diverre kan ikkje ein påkosta tiltalande boks endre på dette.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement