Musikk
Inne på 512
William Eggleston inviterer oss inn – musikaren, ikkje fotografen.
William Eggleston er ikkje musikar, men kjend som ein av dei store fotografane i det tjuande hundreåret.
Kva er det eigentleg som skjer der inne, bak døra til 512? Jau, der sit ein eldre mann ved tangentane, han leitar fram gamle tonar med fingrane, som om melodiane er klossar ein kan stable om på, eller plukke frå kvarandre og dele opp i bitar og plassere saman på nytt for å sjå kva som skjer.
84-åringen er ikkje musikar – snarare er William Eggleston kjend som ein av dei store fotografane i det tjuande hundreåret. Fleire vil endåtil hevde at det var han som verkeleg fekk fargefotografiet inn i kunstmuseet. Geoff Dyer skreiv ein gong at bileta til Eggleston ser ut som dei er tekne av ein marsbuar som mista returbilletten og enda med å arbeide i ei våpenforretning i ein småby utanfor Memphis. Ein plass må vel billetten liggje, skriv Dyer i The Ongoing Moment (2005) – og i helgane leitar marsbuaren på ein tilfeldig, omhyggeleg måte som verkar overrumplande på ein etterforskar med meir tradisjonelle metodar.
Om du ikkje kjenner til bileta, vil eit aldri så lite internettsøk vil gi deg ein idé om kva Dyer meiner, etter kvart som fotografia Eggleston har teke i dei amerikanske sørstatane, rullar over skjermen. Sitatet, som nok også fortel noko om Dyers eigen arbeidsmåte, kom i tankane då eg lytta til 512, plata Eggleston har gitt ut i haust. «Tilfeldig» og «omhyggeleg» – orda vert ikkje så ofte plasserte side om side, men det er ein typisk velvald konstellasjon frå Dyers side som kanskje også seier noko om musikaren Eggleston, i alle fall den vi møter på 512.
Sitjande ved Bösendorfer-flygelet sitt finn nemleg Eggleston vegen til fire låtar frå standardrepertoaret – «Ol’ Man River», «Smoke Gets In Your Eyes», «Over the Rainbow» og «Onward Christian Soldiers» – som han kombinerer med ein innleiande improvisasjon og eit stykke som har fått tittelen «That’s Some Robert Burns». Dette kan høyrast i overkant nostalgisk ut, men slik vert det ikkje – snarare er det som om Eggleston løftar melodiane opp i lyset og studerer dei og ser kva dei kan romme. Nokre ganske prominente gjester tilfører små, men vesentlege nyansar: Sam Amidon er med på både fele, banjo og gitar, og Leo Abrahams på synth, orgel og elgitar. I anslaget er Brian Eno på plass med bjeller. Matana Roberts hentar fram saksofonen på «Smoke Gets In Your Eyes», og på «Onward Christian Soldiers» trengst det bass (Mikele Montolli) og trommer (Seb Rochford).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.