Musikk

Innhenta av alvoret

Sørafrikansk vri er med på å heva andreplata.

Treverket.
Publisert Sist oppdatert

Treverket vekte åtgaum då dei for to år sidan debuterte med Tapte sjelers dal. Med oppfølgjaren Et bedre sted byr dei framleis inn til musikalsk kaldtbord, men plata har ei «sørafrikansk søyle» som eit solid berande element som gjer at Marstrander og Hjetland med plate nummer to legg alen til den den kunstnarlege veksten sin. 

Det har snike seg inn eit alvor i musikken, og det er godt å lytta til.

Med dei to låtane «Nangijala» og «Tanemsbrua», komponerte av høvesvis Marstrander og Hjetland, knyter dei seg til den sørafrikanske jazztradisjonen gjord kjend i Vesten av Abdullah Ibrahim, The Blue Notes, Chris McGregor, Dudu Pukwana, Louis Moholo og andre. 

Treverket har verkeleg knekt koden og får fram urkrafta og det oppstemte som ofte pregar denne musikken. Gjennom å leggja på ekstra blåsarstemmer i miksen skapar dei ein mektig og rufsete orkesterklang som får deg til å retta ryggen. Samstundes er blåsar-kodaen på førstnemnde det vakraste og mest vemodige strekket på plata.

Treverket ville ikkje vore seg sjølve om ikkje dei baud på litt av kvart, gjerne i overraskande blandingar. Også denne gongen tek dei ein sveip innom countryen med valsen «Allsang». I desse samanhengane er gjerne Marstrander vegvisar med lap steel eller banjo. Solistisk er her også ein heil del å gleda seg over, men Jonas Flemsæter Hamre tek kaka med eit langt tenorkor på nemnde «Tanemsbrua». I slike stunder stemmer alt.

Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement