Bøker
Jenta utan eigenskapar
Jenny Erpenbeck skriv fascinerande om ein person utan identitet i Det gamle barnet.
Jenny Erpenbeck har fått fleire prisar for forfattarskapen etter debuten i 1999.
Foto: Katharina Behling
Eksisterer lidinga sosial høgdeskrekk, kan det sjå ut til å vera nett den som har råka hovudpersonen i debutromanen til tyske Jenny Erpenbeck (fødd 1967, i Aust-Berlin), Det gamle barnet. Denne personen er ei jente, ei veldig stor ei, som ter seg som eit lite barn. Ho kan ikkje gjera greie for seg på noko vis, og vert plassert på ein barneheim. Ein stad mot slutten av boka kjem det eit gløtt av informasjon som tyder på at barneheimen ligg i Dresden, og ei kjensle av at teksten har ei allegorisk tyding, får næring av denne kunnskapen.
Barneheimen er også ein skule, og jenta, som aldri får noko namn, vert plassert i åttande klasse. Ho utmerker seg ikkje med anna enn å vera dummare og tregare enn alle andre, men det er eitt og anna som ymtar om at alt dette berre er eit slags skodespel. Etter at ho lenge har vore ein person ingen reknar med, syner det seg at hennar skort på personlegdom får ein verdi som andre gjer seg nytte av, og ho har såleis ein plass i det vesle samfunnet. Denne plassen er heilt nedst, og om ho i det heile har ein vilje, er det just viljen til å vera der. Såleis har det seg at ho, når ho ein gong er sjuk, er redd for at andre skal tykkja synd i henne. Ho tenkjer at: «… alle hennes bestrebelser på å være normal i sin mislykkethet, ville bli spolert idet medynken begynte.»
Spott og nid
Ho er mest for seg sjølv i byrjinga, og elles er ho utsett for spott og nid, diger, rar og alltid svolten som ho er. Men plaginga og overgrepa går ikkje særleg inn på ho, skorten på eigenskapar er slik at ho ikkje kjenner medynk med seg sjølv, og ein kan forstå noko av årsaka: Ho er ikkje ein person med identitet, det som råkar kroppen hennar, er berre nok ei hending i verda, korkje til godt eller vondt.
Så kjem det opplysningar om noko som bryt med denne erkjenninga. Ho sit av og til og skriv brev til seg sjølv, der ho berre nyttar store bokstavar utan runde former, slik at ein O vert som eit kvadrat, og ein S som eit lyn. Ein kan ikkje fri seg sjølv frå tanken på at organisasjonen SS nytta slike bokstavar, men Erpenbeck gjer ikkje noko nummer av dette. Breva er elles korte, og er forma som utsegner og formaningar frå mora til jenta. Eit av breva er i sin heilskap slik: «DU ER DØD FOR MEG. HILSEN MAMMAEN DIN.»
Fantomsmerte
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.