Bok

Jentene gjer opprør

Beatrice Salvioni skildrar hardt pressa ungjenter i Førkrigs-Italia i romanen Den fordømte jenta.

Beatrice Salvioni blir samanlikna med forfattar som Elena Ferrante og Natalia Ginzburg.
Beatrice Salvioni blir samanlikna med forfattar som Elena Ferrante og Natalia Ginzburg.
Publisert Sist oppdatert

Beatrice Salvioni brakdebuterte med denne romanen, som er seld til minst 32 land. Ein kan mistenke forlaga for å håpe på ei ny Ferrante. Den fordømte jenta har nemleg svært mange likskapar med historia om dei to briljante venninnene i Napoli-området. Salvionis bok står støtt på eigne bein. Likevel har plottet noko velkalkulert og liksom polert i all sin råskap, noko som gjer at romanen ikkje skapar så sterke spor i meg som eg kanskje venta.

Dramatikken er på plass frå byrjinga, og forfattaren held grepet gjennom dei vel to hundre sidene som romanen varer. På ei elvebreidd ligg ein tolv år gamal jentunge under ein mann som har forsøkt seg på overgrep, men som har måtta bøte med livet. Korleis hamna dei der? Det er den soga vi får fortalt gjennom dei neste drygt 200 sidene.

I Mussolinis tid

Vi er i Monza, nord i Italia,. Året er 1936, og den italienske fascismen gjennomsyrer samfunnet stadig meir. «Il Duce» skal hyllast i kyrkja, på gater og torg, og av skulebarna. Det historiske bakteppet er vesentleg. Miljøskildringane sit godt og verkar ekte, Salvioni må ha gjort grundig research. Francesca er tolv år og står på terskelen til livet som ung kvinne, ho får sin første menstruasjon i løpet av handlinga. Familien høyrer til den litt lågare delen av borgarskapet. Faren er forretningsmannen som ikkje likar Mussolini, men som ikkje tør seie det høgt – i frykt for å miste kundar. Dobbeltmoralen gjennomsyrer dette samfunnet på mange plan, og gjer særleg kvinnelivet vanskeleg. Menn med pengar sit med nesten uinnskrenka makt. Dei kan gjere som dei vil, og gå ustraffa frå illgjerningar.

Det er Francesca som fortel, men den eigentlege hovudpersonen er Maddalena, eller «Djevelungen». Eit anna sterkt trekk i miljøet er nemleg overtru. Djevelen er ei høgst konkret og levande kraft for mange. Den uheldige Maddalena har fått det svarte stempelet etter at bror hennar døydde som baby og rykte byrja gå om at det var ho som hadde dytta han ut av vindauget. Mange meiner også at ho med sine vonde ynske tok livet av far sin. Men Maddalena er ein overlevar og rører seg i bymiljøet med trass og villskap, ho nektar å skjule seg. At folk er redde, utnyttar ho til å skape forvirring og frykt – til dømes for å kunne naske i butikkane. Ho tøffar seg på skulen, blir isolert og til sist utvist. I dag ville vi kanskje kalle ho eit løvetannbarn, ei som sprenger seg opp og fram, trass i vonde oppvekstomstende.

Litt for velsmurt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement