Jenter som raudnar

Ungdomsromanen Zoomarferien er ein frittståande oppfølgjar til Berre ikkje brøyteplogen kjem og Den som ikkje har gøymt seg no. Vi fylgjer kameratane Odd og Per Tore gjennom oppveksten. No er dei ferdige i niande klasse. Sommarferien ventar.

Per Tore har fått eit nytt fotoapparat til konfirmasjonen. I linsa har han ei jente i parallellklassen. Besteforeldra bur i nærleiken. Då ho besøkte dei i fjor, sola ho seg i ein blå bikini. Kanskje ho kjem for å sole seg i år òg? Kanskje bikinien har blitt for liten? Kanskje ho enno ikkje har hatt tid til å kjøpe seg ein ny? Per Tore er optimistisk. Odd er meir skeptisk.

– No er det mykje kanskje her, repliserer han tørt.

Arnfinn Kolerud syner kva finurlege gleder som finst for den som lyttar og leikar med språket. Gamle Sigmund Slåtten, til dømes, er yngst av to brør. Dei kallar han berre Andreslåtten. Han veit litt om livet, og om jenter:

«Det var slik Odd kunne sjå om jentene likte han, sa gamlingen; ein måtte sjå om dei raudna når dei kom nær. Og det skulle Odd vite, at alle jenter som raudna, det var kjekke jenter. Men dei som ikkje raudna, kunne vere meir så som så.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement