Teater
Jeppe i undiken
Heller uestetisk Holberg-variant byr ikkje på merkbar fornying.
Tine Wiggen og Eindride Eidsvold i hovudrollene som Nille og Jeppe.
Foto: Erika Hebbert
Det er gjort mange forsøk på å friske opp den patinerte klassikaren Jeppe på Berget. Konge-for-ein-dag-formelen, som jo er brukt i andre stykke òg, er jo eit hendig utgangspunkt for sosial satire. Nokre gonger blir den fattige og fulle bonden Jeppe tragisk, andre gonger berre hylande morosam.
Denne gongen, i eit nær sakralt scenerom, får vi først sjå ei Nille som horar seg til ekstra hushaldsinntekter medan sonen ser på, og ein Jeppe som sit bakfull og halvpåkledd. Han har ei truse på anklane og ei anna truse på underlivet. (Det er det jo ingen som har, men her vil ein visst utfordre og så ikkje gjere det likevel.)
Bortsett frå eit par fine scener med Jeppe og Jakob Skomakar, lett filosofiske og artistisk elegante, tek framsyninga over i temmeleg vulgære skildringar av baronen og hoffet hans. Dei dyktige, men lite morosame unge skodespelarane stoppar fleire gonger opp og ventar på spontan lått og applaus for open scene. Det får dei diverre ikkje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.