Litteratur

– Jon Fosse er ingen vanskeleg forfattar

Presentasjonstalen til professor Anders Olsson, medlem av Svenska Akademien, leiar for Nobelkomiteen for litteratur, 10. desember 2023.

Nobelprisvinnaren i litteratur, Jon Fosse, etter å ha teke imot prisen frå kong Carl Gustaf i Konserthuset i Stockholm søndag. Anders Olsson, som heldt presentasjonstalen, står bak talarstolen.
Nobelprisvinnaren i litteratur, Jon Fosse, etter å ha teke imot prisen frå kong Carl Gustaf i Konserthuset i Stockholm søndag. Anders Olsson, som heldt presentasjonstalen, står bak talarstolen.
Publisert

«Dykkar Majestetar, vørde pristakarar, mine damer og herrar.

Å tre inn i Jon Fosses verd er som å kome til eit lende prega av den største uro. Den rike forfattarskapen hans krinsar kring det einskilde menneskets vanskar med å finne ein veg i livet. Anten han skriv prosa, dramatikk eller lyrikk, nærmar han seg ein usikker tilstand som kan opne eit samband med det guddommelege. Her strekkjer ikkje dei gjengse orda til, men det merkelege med Fosse er at han lukkast, som grunngjevinga for prisen seier, å ‘gje røyst til det useielege’.

Alt tidleg fangar Fosse det useielege i det vesle prosastykket Eg kunne ikkje seie det til deg frå 1991. Her møter vi ein gamal mann som ikkje kan bli kvitt det livfulle minnet om noko han ikkje har fått til å seie til kjærasten sin gjennom alle år. Han kan ikkje gløyme blikket hennar der ho sit einsam ved eit bord i matsalen på skulen, og minnet har bite seg fast i han. Ikkje eingong på dødsleiet hennar er det mogleg. Ord og liv har glidd frå kvarandre. Men når Fosse gjev den gamle røyst til det umoglege, blir det omskapt til ein rørande elegi og triumf over det språklause.

I det seine storverket Septologien som vart fullført i 2021, er hovudpersonen ein aldrande målar som i bøn vender seg til ein Gud bortanfor alle omgrep og førestillingar i ånda til den kristne mellomaldermystikaren meister Eckhart. Men både i den tidlege novella som eg nemnde, og i den seinare romanen er hovudpersonen fylt av ei uro som skapar ei spenning mellom det kvardagslege og det guddomlege. Det er denne uroa som gjev heile forfattarskapen ein indre dramatikk.

Jon Fosse er ingen vanskeleg forfattar. Han bruker dei enklaste ord og skriv om røynsler som vi alle har eit forhold til: separasjon, død og sårbar kjærleik. Det vanskelege hos Fosse gjeld snarare kor førebudde vi er til å opne oss for den eksistensielle uvissa som han stadig rører ved. Men at han er ein av dei mest spela dramatikarane i samtida, vitnar om at også denne pina kan delast av mange.

Det spesielle med det enkle hos Fosse er at det får djupn og intensitet gjennom gjentaking og variasjon. I den tidlege og opprivande romanen til Fosse, Stengd gitar, der ei mor låser seg ute og med det blir skild frå den vesle dotter si, er det panikken som blir eitt med språkforma. I den glitrande forteljinga Morgon og kveld går uroa over til forundring og djupt håp når den gamle Johannes ein morgon held på å døy, og røyndomssansen hans byrjar svikte. I Septologien blir den bølgjande prosaen utan punktum eitt med målaren Asles flakkande tankar og syg lesaren inn med hypnotisk kraft.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement