Jordnær realisme

All ære til Anders Bjørgård Prytz for denne romanen.

Handlinga i Anders Bjørgård Prytz’ første roman er henta frå bygg- og anleggsbransjen.
Handlinga i Anders Bjørgård Prytz’ første roman er henta frå bygg- og anleggsbransjen.
Publisert

Skjønnlitterær debutalder her til lands har i gjennomsnitt vore mellom 30 og 35 år i mange tiår; svært få debutantar er under 20, svært få er over 50. Når Anders Bjørgård Prytz debuterer i ein alder av 60, skil han seg ut, ikkje berre i alder, men også som ein nærverande debutant med ein god porsjon livsrøynsle i bagasjen.

Som yrkesaktiv har han jobba med bemanning og rekruttering, og det er denne bakgrunnen han drar nytte av når han skildrar livet som ufaglært i bygg- og anleggsbransjen.

Arbeid og lengsel

Hovudpersonen Finn er 20 år. Han har ein draum om å bli faglært tømrar, men svake karakterar frå vidaregåande og stryk på sveineprøven gjer at han for tida lever av strøjobbar gjennom eit vikarbyrå, ufaglært og uorganisert på alle vis, slik også kompisen Skjegget er det.

Jobbane er enkelt, men tungt kroppsarbeid, som grøftegraving, reinsing av teglstein, stripping av hus og kontorbygg, sortering og lemping av avfall, litt snekring og rydding.

Skjegget er 30, dyslektikar med alkoholproblem, stadig for seint på plass, men på lønningsdagen er han i sitt ess og drikk opp eller spelar bort det meste på éi helg. Saman med desse to møter vi også andre innleigde: austeuropearar, ein ire, ein finne, folk som lever eit slags rallarliv i byggebransjen, plassert på tronge hyblar og med eit kosthald til skrekk og åtvaring.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement