Film
Julefilmen til Charlotte Blom er litt frisk, litt traust og litt tam.
Ein førjulsdag får Vilma (Kjersti Dalseide) patologen Robert (Ole Christoffer Ertvaag) og presten Ivar (Tobias Santelmann) på døra. Dei har med seg ein dødsbodskap.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Vilma (Dalseide) er pianolærar på kulturskulen. Ein dag kjem presten Ivar (Santelmann) og obduksjonsteknikaren Robert (Ertvaag) på døra og seier at faren hennar er daud. Men ho har ingen far. Og mora er daud. Sidan presten er kjekk, tar ho likevel turen til kyrkja. Diverre får ho mest merksemd frå Robert, som stressar med Tourettes syndrom, og eleven Amdi (Niazi), som vil ha friare taumar.
Kontroll
Vi får effektivt hamra inn at Vilma er pertentleg. Ho følgjer metronomen slavisk og går med refleks og broddar. Kvar handling blir målt millimeterpresist med tanke på risiko. At det sit traume i den foreldrelause, er det liten tvil om. Vil ho slå ut håret?
Regissør Charlotte Blom kan komikk og drama, noko ho har vist fleire gonger før ho no har filmatisert den populære romanen til Gudrun Skretting. Debuten Staying Alive (2015) var artig og smart. Dianas bryllup (2020) hadde hjarte, men også fjas. Blom har òg regi på episodar av den fengjande første sesongen av serien Pørni.
Henriette Steenstrup spelar ei sentral rolle i både serien og Tre menn til Vilma. Ho er den skøytelause og snille kollegaen i kjend frekk stil. Kjersti Dalseide gjer ei god hovudrolle med stive kantar og auge fulle av angst og undring. Metin Niazi er ein sjarmklatt som Amdi.
Ei vond grandtante i periferien er ein klisjé. Ole Christoffer Ertvaag får boltre seg med Robert, som utviklar seg frå komisk avbrekk mot meir djupn. Samstundes glir presten Ivar motsett veg, med ein like taktfull bruk av Candy Crush som Erna Solberg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.