Musikk
Kaldsleg moll
Schuberts «Kongen i Thule» har ikkje éin uturvande tone.
I Thule-kongens land? Utsnitt av Caspar David Friedrichs (1774–1840) måleri «Ishavet» frå 1823.
Ideal, tysk poesi ikledd svermerisk-romantisk tonebunad frå Wien: Franz Schuberts komposisjonar til Johann Wolfgang von Goethes (1749–1832) dikt er eit av høgdepunkta i musikkhistoria når det gjeld ord–tone-symbiose. Med over 50 stykke var Schubert den mest produktive Goethe-tonesettaren.
Men diktarfyrsten i Weimar sette truleg lite pris på innsatsen til den unge wienaren. Så vidt me veit, svarte han i alle fall ikkje på brevet med songane komponisten sende til han. Uansett hadde Goethe lite sans for gjennomkomponerte songar av Schubert-typen, altså songar der kvar strofe har eigen musikk. Han var i det heile klassisistisk konservativ når det galdt musikken, med særleg avsky for Beethovens romantiske «bråk».
Suveren pianist
På Marianne Beate Kiellands album får me 16 av Schuberts Goethe-songar (sjølv om to av dikta, frå samlinga West-östlicher Divan, i røynda blei skrivne av Goethes venninne Marianne von Willemer). Nils Anders Mortensen, den faste pianisten hennar, yter også denne gongen smakfullt akkompagnement. Eg merkar meg det dynamisk utjamna anslaget hans, kombinert med sparsam bruk av høgrepedal («legatopedalen», som gjer at strengene ikkje sluttar å klinga når ein slepper tangentane). Dette gjev klanglege assosiasjonar til Schubert-tidas hammarklaver, forløparen til det moderne flygelet.
I kombinasjon med Kiellands vibratofattige og litt mørke, men alltid klåre mezzo-røyst læt det framifrå. Tydeleg tekstuttale er alfa og omega i litterær musikk som dette. Kiellands artikulasjon er god, med skjønelege konsonantar, men stundom «lukkar» ho vokalane for mykje. I songen «Willkommen und Abschied», til dømes, blir ihr Götter! (de gudar!) til «gåtter» i staden for «gøtter». Slikt overraskar meg, tysken hennar plar jo vera bra.
I isøydet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.