Teater
Kammerspelklassikar som «utespel»
Gode skodespelarar ror litt i motvind, er det naudsynt?
Helle Haugen, Modou Bah og Mari Dahl på Centralteatret.
Foto: Lars Opstad
Glassmenasjeriet av Tennessee Williams er ein av dei største klassikarane i den nye verdsdramatikken. Her dreier det seg om det tidlause dilemmaet, kjernefamilien og sjelekampen mellom kjærleik og fridomstrong. Det er ei mor og to vaksne born som alle på kvar sitt vis har lukka seg inne i verd av vonbrot og uoppfylte draumar. Når ein glad og såkalla normal ung mann trer inn i det tronge scenarioet, går det heile sjølvsagt berre frå vondt til verre.
Sjølve columbiegget med all stor dramatikk er truleg at det klarer å balansere mellom det tragiske og det komiske. Denne balansen er tekstmessig lett synleg i Glassmenasjeriet, for dei fleste som har levd i ein kjernefamilie, kan kjenne att dei små og store gnissingane som kan oppstå ved matbordet og i kvardagstristessen. Gjenkjenning fører ofte til latter. Men så er utfordringa å finne balansen i sjølve oppsetjinga.
Distansert
Centralteatret har lagt stykket i eit kaldt, ope scenebilete, murvegger med fasadar av glasfliser. Det kan sjå ut som framsida av eit parkeringshus eller trappehuset i eit kontorbygg. Her finst ikkje stolar å sitje på eller bord å ete ved, ingen dører å kome inn eller ut av. Det heile ser mest ut som eit uteområde. Dette gjer at nokre av dialogane vert underleg meiningslause, for replikkane signaliserer eit klamt, konvensjonelt og borgarleg interiør.
Eit så pass openbert sprik mellom det verbale og det visuelle kan tyde på at ein har strekt seg mot ei distansert tolking av stykket, meir mot kjølig analyse enn emosjonell innleving. Det er i utgangspunktet ikkje noko uinteressant val, men det vert meir uforståeleg når sjølve spelestilen sprikjer.
Helle Haugen spelar mora, Amanda. Dette er ei skakkøyrd kvinne, heilt utan realitetsorientering, men full av kjærleik og otte for borna sine. Ho vil det beste for dei, men utan å vilje det audmjukar ho dei og overkøyrer dei. Helle Haugen er ei briljant komedienne, men i denne rolla har ho fått lov til å gjere Amanda Wingfield til ein halvgalen klovn, utstaffert i frisyre og kostyme som ei slags Wilma i Familien Flint. Slik kjem ho for det meste til å spele mot teksten, for Amanda er nok plagsam, men galen er ho ikkje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.