Bok

Kampen om naturressursar

Benedicte Bull byr ikkje berre på grundige analysar av stormaktspolitikk og samfunnsforhold i Latin-Amerika, ho byr òg på seg sjølv.

Den kinesiske presidenteen flankert av karibiske og latinamerikanske statsleiarar i 2014. Sidan har mange presidentar i verdsdelen kome og gått, men kinesisk kapital og industri har kome for å bli.
Den kinesiske presidenteen flankert av karibiske og latinamerikanske statsleiarar i 2014. Sidan har mange presidentar i verdsdelen kome og gått, men kinesisk kapital og industri har kome for å bli.
Publisert

Forventingane mine var høge då eg opna Benedicte Bulls blodferske bok, Latin-Amerika i dag. Nye interesser og gamle bånd til USA, Kina, Russland, Midtøsten og Europa. Eg veit at forfattaren er kunnskapsrik, at ho har vore i Latin-Amerika fleire gonger enn ho kan telja, og at ho brenn for Latin-Amerika.

Og etter kvart som eg blar meg framover i boka, som tel knapt 200 sider, samanfatta mellom to mjuke permar der Mao og det amerikanske flagget tronar side om side på omslaget, kjenner eg at eg ikkje vert skuffa. Tvert om, her er noko for ulike lesarar: for Latin-Amerika-kjennaren, for venstreideologen og miljøforkjemparen, for den intellektuelle, for den solidariske som har vore på kaffibrigade til Honduras eller Nicaragua, for den som er interessert i stormaktspolitikk, og for den som berre har lyst til å lesa ei god bok om eit kontinent som dei veit lite om, men er nyfiken på. Som dei ville sagt i Latin-Amerika: Hay de todo.

Grundige analysar

Bull vert rekna som ein av dei fremste Latin-Amerika-ekspertane våre, og ho er eit populært intervjuobjekt for journalistar som vil ha ein kjapp analyse eller kommentar på nesten kva som helst som skjer på dette kontinentet.

Ho byr ikkje her berre på ein god og grundig analyse av latinamerikansk stormaktspolitikk og samfunnsforhold; ho byr også på seg sjølv. Pø om pø, i brotstykke her og der, får me gradvis vita meir om personen Benedicte Bull og om korleis ho vart interessert i Latin-Amerika.

Bull reiste til Costa Rica alt i 1992. Ho jobba seinare for den interamerikanske utviklingsbanken IDB, før ho starta ei lang forskarkarriere. Det er alle desse reisene og jobbinga med ei rekke ulike tema som gjev breidda og spennet i denne boka. Tonen er lett, men innsikta er djup.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement