Musikk
Kardinaltekkje
Akademie für Alte Musik Berlin framfører Händels braksuksess i Roma.
Akademie für Alte Musik Berlin.
Foto: Kristof Fischer
Georg Friedrich Händel hadde ei uvanleg evne til å skaffa seg velgjerarar. Men han gjorde seg aldri til slave for mesenane, korkje kunstnarleg eller økonomisk. Det verkar snarare som om det var velgjerarane som kjempa om gunsten hans. Då han i Hamburg blei tilboden ei betalt studiereise til Italia, truleg av Ferdinando de’ Medici, arveprinsen av Firenze, takka han høfleg nei. Reisa ville han kosta sjølv, kan hende for å verna om fridomen sin. Det kring fire år lange Italia-opphaldet blei ein kunstnarleg og økonomisk suksess frå fyrste stund.
Kyrkjefyrstar
Händel var ein pragmatikar, også i kyrkjemusikken. Heime hadde han skrive luthersk kyrkjemusikk, i England skulle han seinare komponera anglikansk – og i Roma sjølvsagt katolsk. Dei tre tonesetjingane av bibelske salmar som Akademie für Alte Musik Berlin og RIAS Kammerchor Berlin her gjev oss, markerte pangstarten som artist in residence hjå romerske kyrkjefyrstar i 1707. Det var kardinal Carlo Colonna (1665–1739) som tinga musikken til karmelittordenens årlege fest, til framføring under gudstenesta i Santa Maria in Montesanto, den eine av tvillingkyrkjene på Piazza del Popolo i Roma.
Alt i opningssatsen (spor 1) «Dixit Dominus» høyrer me at innspelinga er god. Her er sprek og klår strykarklang og herleg driv i bass-seksjonen til orkesteret. Dette med bassen er viktig, for tyskaren Händel komponerte i ein meir kontrapunktisk orkesterstil enn det som var vanleg i Italia. Ofte er det bassen som driv det heile framover, noko me høyrer særleg godt i finalesatsen «Gloria Patri et Filio» (spor 9). Her byrjar bassen åleine, med ein stutt og stolt melodi som det femstemmige koret og strykarane i tur og orden lyt underordna seg.
På raffinert måte flettar Händel også inn dei gamle gregorianske melodiane til salmen, før det heile munnar ut i ein kraftfull korfuge. Roma hadde mange gode komponistar den gongen, men kyrkjemusikk av denne typen var noko nytt i byen – og gjorde 22-åringen Händel til stjerne over natta.
Kjærleiksduett
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.