Film

Kattens ark

Den latviske vinnaren av Oscar for beste animasjonsfilm er ei spennande, storslagen reise.

Berre dyr er att i verda, og alle spor etter menneske er borte.
Publisert Sist oppdatert

Ein katt ruslar rundt i skogen. Etter litt kaos med ein flokk hundar stig vatnet. Verda søkk på bibelsk vis. Snart hoppar katten og ein vennleg labrador på ein båt som driv rundt med eit flodsvin om bord. Etter kvart kjem ein sekretærfugl og ein lemur til på ei spennande ferd der båten flyt av garde.

Det blir klarare og klarare at menneska er vekke frå denne verda.

Taktfull

Den latviske regissøren Gints Zilbalodis har forma ei fengslande verd. Postapokalypsen er skummel, men òg vakker. Spesielt vatnet er elegant løyst. Dyra er dataanimerte i ein litt kantete stil som er uvand for ein som knapt har sett estetikken i dataspel etter Bubble Bobble på åttitalet. Likevel er dei livlege og uttrykksfulle. Ein blir fort engasjert i lagnaden til dei sjarmerande krabatane. Animasjonslaget har jobba tett på ekte dyr for å få rørsler og lydar til å bli rette. Det lukkast dei med. Ingen snakkar. Dyra har nokolunde dei same evnene arten deira har i røynda.

Sveipande, flytande rørsler frå sjåaren sitt perspektiv er noko av det mest imponerande ved filmen. Ein får ofte ei kjensle av storslagen iscenesetjing framom eit kamera i rørsle med mange ulike element i samspel. Det er tonesett med dramatisk musikk.

Eg sutrar ofte om overdriven musikkbruk i film. Her blæs dei på, men eg lèt meg rive med. Zilbalodis har komponert filmmusikken saman med Rihards Zalupe. Dei skapar episk stemning og spenning. Nervepirrande er det, både for folk rundt aldersgrensa på seks år og heile vegen opp til oldeforeldre, vil eg tru. Ferda er farleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement