Bok

Kharon ved fjorden

Dei døde har det etter måten bra i den nye boka til Frode Grytten.

Frode Grytten har vunne fleire litteraturprisar, og bøkene hans er omsette til 17 språk.
Frode Grytten har vunne fleire litteraturprisar, og bøkene hans er omsette til 17 språk.
Publisert Sist oppdatert

Sjøen er ein relativt driftssikker veg, han vert sjeldan stengd av ras. Bur ein ved ein fjord der snø og stein tidt kjem deisande ned, er det difor godt om einkvan har ein skyssbåt.

Det har Nils Vik i den nye romanen til Frode Grytten hatt i alle dei år, men no er det snart slutt, han legg ut på den siste ferda si, etter å ha brent madrassen sin, han hadde vel ingen bruer, han, som var skysskar.

Med på reisa er det taleføre gjenferdet av hunden Luna, og etter kvart stig for lengst døde passasjerar frå livet til Nils Vik om bord. Dei fleste ser ut til å ha det etter måten bra, og dei er ikkje løyste frå røyken på den andre sida, dei dampar i veg på sigarettar som aldri før, medan dei fortel både om livet og døden.

Minneferd

Dette er ei reise gjennom minnet, assistert av loggboka der Nils Vik har notert kort, men godt om stort og smått, og det høver for den durkdrivne novellisten Grytten, av di forteljingar frå utsida av livet til hovudpersonen høyrer heilt naturleg til i tekstmassen, der den eigentlege handlinga kan, med eit elendig naudrim, skildrast slik: Ein gamling styrer båten sin ut ein fjord, og det vart det siste han gjord’.

Nils er ein mild versjon av ferjemannen Kharon, som skal ha vore heller beisk av seg, truleg av di det var ein skitjobb han hadde, med totalt fråverande HMS og tilsetjing utan fri i all æve.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement