Bok

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.
Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.
Publisert Sist oppdatert

Det er 175 år sidan Alexander L. Kielland vart fødd, og det markerer Erik Bjerck Hagen og Dreyers Forlag med ei bok som rett og slett stiller spørsmålet om Kielland er verd å lesa i dag. Og som svarar eit rungande ja på det spørsmålet. Det gleder ein Kielland-elskar som meg.

Eg må straks flagga at eg i ein viss forstand er ein del av prosjektet til Hagen, fordi han i stor grad skriv om kritikken og lesingane av Kielland, og mi bok om Kielland som melodramatikar blir stadig sitert, og dels imøtegått. Ein del av prosjektet hans er å samanlikna dei samtidige lesingane med seinare kritikk, og ofte brukar han samtidskritikken som korrektiv til dei nyare lesingane.

Litteraturkritikk, slik han blir praktisert i aviser og tidsskrift, handlar ofte om å vurdera kvalitet. Og det er nettopp Hagens prosjekt. Medan litterære analysar frå akademisk hald ofte er varsame med å trilla terningen, har Hagen ingen reservasjonar her. Tvert om: Ikkje berre seier han klart frå om kva slags bøker som er best. Han vurderer også kvar einskild scene og kvar einskild person i romanane, og gir dei karakter. Det er uvanleg, og stundom provoserande (om ein er usamd), men det gjer at boka er engasjerande å lesa. På meg verka denne gjennomgangen stimulerande, og særleg likar eg godt korleis han brukar samtidskritikken i denne diskusjonen. Han har godt oversyn over kva slags meldingar bøkene fekk, og brukar dette aktivt.

Tendens

Vanlegvis har ein sett på Kiellands romanar i eit forfallsperspektiv: Han starta på toppen, med Garman & Worse og Skipper Worse som dei beste, Gift vert også ofte rekna med. Så kom ein periode der han skreiv tyngre og hadde det vanskelegare, og dei siste bøkene blir rekna som svakare, det gjeld både St. Hans Fest, Sne og Jacob, som var den siste roman han gav ut.

Erik Bjerck Hagen opponerer mot dette. Han plasserer (som mange andre) den tidlege Arbeidsfolk langt nede på karakterskalaen, derimot lyfter han opp Sne, St. Hans Fest og Jacob. Kriteria gjer han klart ganske tidleg: Det finst god og dårleg tendens, og det finst god og dårleg sentimentalitet. Kielland var jo ein Dickens-inspirert forfattar, og den store engelske romanmeisteren kombinerte tendens (og satire) med sentimentalitet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement