Bok
Kjærleikens flo og fjære
Minnet er både ven og fiende i Prousts stilleflytande prosa.
Marcel Proust (1871–1922) fotografert i 1895.
Kven er du på utsida, den sida andre meiner dei ser, og kven er du på innsida, den berre du ser? Truleg er skilnaden større enn du har tenkt deg, og endå mykje større enn dei andre har tenkt seg, om dei i det heile har tenkt over saka. For dei har vel nok med sitt, dei også. Slike ting kjem eg i tankar om under lesinga av Swanns kjærleik, ein roman i den store romanen På sporet av den tapte tid av Marcel Proust.
Fransk overklasse
Swanns kjærleik er ei nyomsetjing i klassikarserien frå Skald, og nok ein gong eit litterært høgdepunkt. Det kjem ikkje av handlinga i boka, men måten ho er skriven på, den grundige granskinga av menneskesinnet som truleg berre fiksjonen kan gje oss, og då særleg når han ser ut som noko faktisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.