Film

Klam klem

Feelgood-filmar bør klara å få meg til å føla meg langt betre enn dette.

Sykkelbodet Igor Parat (Alexandre Jollien) vert kjend med gravferdsagenten Louis Caretti (Bernard Campan).
Sykkelbodet Igor Parat (Alexandre Jollien) vert kjend med gravferdsagenten Louis Caretti (Bernard Campan).
Publisert

I Lausanne i Sveits kryssar vegane til to menn med svært ulik bakgrunn kvarandre. Godt vaksne Louis (Campan) jobbar i eit gravferdsbyrå, mens halvvaksne Igor (Jollien) leverer økologiske grønsaker frå den spesialbygde sykkelen sin. Han har cerebral parese og eit intenst eksistensielt forhold til livet og ikkje minst døden.

Ei nestenulukke fører dei to mennene saman. Via eit henteoppdrag hamnar Igor baki likvogna og – voilà – det er duka for feelgood danningsferd og tidenes mest velbrukte oppskrift.

No skal eg ikkje skryta på meg å ha for mykje kunnskap om korleis folk med nedsett fysisk funksjonsevne jamt over blir oppfatta i verda, men i dei siste åra har eg med glede observert fleire skodespelarar med funksjonshemmingar. Det blir ikkje gjort noko nummer ut av det, så eg håpar det hjelper til å få vekk stigma som mange utvilsamt opplever.

På andre sida finn vi filmane der heile premissen for filmen er funksjonsnedsetjingane, gjerne spelt av fullt førlege skodespelarar, som Daniel Day-Lewis i Min venstre fot (1989). Den gong fekk ein gjerne Oscar for slikt. Det gjer ein forresten framleis, men no involverer det heldigvis autentiske prestasjonar, som då døve Troy Kotsur i fjor vann Oscar for Coda (2021), basert på den franske filmen Familien Belier (2014). Også Coda fekk Oscar, etter mitt syn på ingen måte fortent. Det var ein suppete, klisjéaktig film og ikkje minst ganske nedlatande i si overdrivne framstilling av ein familie med nedsett høyrselsevne og det at dei faktisk oppfører seg som «normale» folk.

Og her kjem endeleg Vakre sinn inn – filmen er eit oppkome av alle desse klisjeane, blanda med den viktige ingrediensen: eldre mann må få nytt perspektiv på livet, noko han oppnår med å bli kjend med nokon som har større utfordringar enn han sjølv.

Kyniske sinn

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement