Bok

Klampen i botn i ny detektivserie

Publisert

Vi er omgitt av illustrerte forteljingar i filmar, på TV og på telefonen. Dette ser ut til å smitte over på barnelitteraturen. Dyrenes detektivbyrå skriv seg inn i trenden med fleire illustrasjonar i bøker for lesarar i småskulealderen.

I den ramsalte, forblåste kystbyen Nordlund er klippfisk ei æressak. Kriminalsaker er det verre med. Den pensjonerte meisterdetektiven, kvalrossen Carl Berner, søv seg gjennom dagane på kontoret. Nora er på veg til skulen då ho høyrer telefonen ringe inne på detektivkontoret. Ein kattunge er forsvunnen! Dyrenes detektivbyrå tar saka, Nora må hjelpe til.

Forfattarkompanjongane Endre Lund Eriksen og Gisle Normann Melhus låner og leikar seg med alle slags populærkulturelle referansar, Frå Nancy Drew til Ninja Turtles. Språket boblar over av påfunn, tull og tøys. I mylderet av detaljar og referansar går mysteriet likevel som ein motorveg gjennom historia. Forteljinga råkøyrer framover mot oppklaringa av kattesaka.

Lesaren får ingen sjansar til å hoppe av undervegs. Miksen av tekst og bilete bidreg til å halde tempoet oppe. Dei livlege illustrasjonane til Regine Toften Holst er lette å setje i rørsle på netthinna. Kattenapperen er topp underhaldning, rein lesefryd og enkel moro.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement