Musikk

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Publisert

«Man tør vente sig med Tiden at se ham som en af de fremste blandt vore Komponister», skreiv Aftenpostens kritikar, komponisten Otto Winter-Hjelm, etter ein konsert i Kristiania i 1899 der Sigurd Lie hadde framført eigne verk. Men tida hans skulle ikkje bli lang. No i september er det 120 år sidan han døydde berre 33 år gamal.

Lie blei fødd i Drammen i 1871, men voks opp i Kristiansand. Etter studium i Kristiania, Leipzig og Berlin fekk han i 1895 si fyrste stilling som konsertmeister i Harmonien, det som i dag er Bergen Filharmoniske Orkester. Tre år seinare flytte han til Kristiania for å bli kapellmeister ved Centraltheatret. Den tuberkuloseplaga komponisten etterlét seg ei kort, men variert verkliste: to dusin mannskorsongar, ymse kammermusikk og orkesterverk, éin symfoni og over 70 romansar for røyst og klaver.

Caspari-songar

I dag er det romansen «Sne» Lie er mest kjend for, eller kanskje heller: minst ukjend for. Den fekk me på volum 1 av Marianne Beate Kielland og Nils Anders Mortensens samleinnspeling av romansane hans. Det andre og siste volumet held fram kronologisk der det fyrste enda, med songsyklusar og posthumt publiserte enkeltsongar.

Albumet opnar pangermansk, med syklusen Wartburg frå dødsåret 1904. Poesien av den tyskætta nordmannen Theodor Caspari (1853–1948) handlar om eit av Tysklands romantiske nasjonalsymbol, om Luther-borga som kneisar over Eisenach, J.S. Bachs og den tyske studentrørslas fødeby.

Det er uvanleg verkelyst over Kiellands deklamerande mezzosopran i sistesatsen «Hymne» (spor 6), på orda «Wartburg, Wartburg! Hil dig høye lyse Borg bag Linde gren./ Du er Fædrelandets Hjerte, du er Tysklands Ædelsten. [...] Aldrig skal du mangle Mure, aldri Tyskland mangle Mænd!».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement