Bok
Klårleik og forståing
Harald Berntsens bok om Marcus Thrane gjev eit viktig tilskot til norsk politisk og økonomisk idéhistorie, meiner Johan Peter Collett.
Marcus Thrane (1817–1890) var ein politisk aktivist som kjempa for lokale arbeidarforeiningar.
I flaumen av løpesetlar på universitetet på Blindern på 1970-talet var det nokre som særmerkte seg med dårleg og tynt papir, tettskriven tekst med smal marg og ujamn trykksverte som gjorde dei vanskelege å lesa. Utgjevar var Kommunistisk Universitetslag (KUL), ei gruppe som vende seg i avsky mot fusentastane i AKP (m–l) på den eine sida og (seinare) SV-arar på den andre. Utan grundig analyse og djup forståing av dei økonomiske tilhøva i samfunnet vart det berre amatørskap og narreleik, ikkje noka verkeleg revolusjonær kraft.
Sjansen var stor for at løpesetelen den gongen var skriven av KUL-aren Harald Berntsen, som no har skrive bok om ein av dei store i norsk arbeidarrørsle, sjølvaste Marcus Thrane. Språket er blitt betre etter mange år som forfattar, og forleggjaren har sytt for god trykk og papir, men stilen er ikkje til å ta feil av. Her skal det ikkje sparast krefter på å gå til botnar. Strategi og taktikk i kampen heng uløyseleg saman med analyse og forståing. Og kva var det no eigentleg Marcus Thrane stod for?
Politisk masserørsle
Med 30.000 medlemer stod Thranes arbeidarforeiningar fram som Noregs første eigentleg politiske masserørsle i 1850, då eit bønskrift (ein petisjon) med krav om økonomiske reformer til beste for småfolk og eigedomslause, og om allmenn stemmerett (for menn, vel å merke), vart lagt fram for kongen.
Då krava vart avviste av kongen og regjeringa, var spørsmålet kva ein så skulle gjere. Thrane gav frå seg leiinga til jusstudenten Theodor Abildgaard, som freista å alliera seg med opposisjonen i Stortinget. Men heller ikkje denne lina førte fram. I 1851 slo styresmaktene ned på rørsla. Abildgaard og Thrane og fleire av leiarane utover landet vart kasta i fengsel, og støttespelarane på Stortinget trekte seg skremde attende.
Thrane hadde sjølv likevel ikkje tenkt å gje opp. Frå varetektsfengselet skreiv han ei rekkje artiklar i Arbeider-Foreningernes Blad, og det er desse artiklane som står i fokus for Berntsens analyse av Thranes politiske tenking.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.