Bok

Klimabrølet i bokform

Bodskapen i Verden på vippepunktet er så viktig at kvar og ein av oss bør lytte, tenkje og agere.

Publisert

SAKPROSA

Dag O. Hessen er biolog og professor ved Universitetet i Oslo. Han har skrive ei mengd fagartiklar og bøker, men også på andre måtar formidla forsking på natur, miljø og klima gjennom mange år.

Det blir stadig mindre natur og stadig meir klimagass. Klimaendringar kjem ikkje av CO2 aleine. Urbanisering og industrielt jordbruk gjer at vi legg under oss stadig meir av jordas overflate. Skogar og andre viktige økosystem er under press. Artar blir utrydda, og på mindre enn 50 år har bestandane av dyr i verda blitt dramatisk reduserte. Økosystema på landjorda og i havet er betydeleg endra som følgje av menneskeleg aktivitet og jakt etter næring. Ei veksande befolkning forbrukar stadig meir og utset planeten for kraftig slitasje. Klimaendringane rykkjer oss stadig nærmare inn på livet. Ekstremvêr som tørke og ekstrem nedbør, skogbrann og flaum er vanlegare enn før. Det er rimeleg lett å finne svar på kvifor det er slik, men å gjere dei nødvendige grepa for å bremse den uheldige utviklinga, har vi langt større vanskar med.

Optimisme og skepsis

I desember 2015 blei den hittil mest omfattande klimaavtalen signert. Parisavtalen er juridisk forpliktande og nesten alle landa i Dei sameinte nasjonane har underteikna og levert friviljuge nasjonale utsleppsmål. Formålet er å halde den globale oppvarminga under 2 grader, i beste fall under 1,5 grader. Sjølv om USA mellombels trekte seg frå avtalen, er det likevel grunn til optimisme for globalt klimasamarbeid i åra framover, om tiltaka er tilstrekkjelege.

Forskarane gir ikkje eintydige svar på klimaspørsmåla. Vi ser at situasjonen er alvorleg, men bør likevel stille oss nyfikne til kva det er vi veit, og kva vi ikkje veit. Samstundes meiner Hessen det er meiningslaust å snakke om global kollaps.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement