Bok
Kollektiv overleving
Ida Hegazi Høyer har skrive nok ei leseverdig bok, sjølv om ho ikkje er den beste.
Ida Hegazi Høyer har skrive fem romanar.
Foto: Svein Finneide
Ida Hegazi Høyer er ein av dei norske favorittforfattarane mine. Eg ventar framleis på at ho skal få det store gjennombrotet og nå opp til dei gjævaste nominasjonane, som ho fortener. Men for nye lesarar vil eg nok ikkje tilråde den sjette boka hennar, Ene: skissen, som ein inngang til forfattarskapen, utan at det betyr at boka ikkje er leseverdig. Boka er like full av herleg språkleik og kloke refleksjonar som dei førre bøkene, men dette er den mest eksperimentelle og dermed den minst tilgjengelege boka hennar hittil.
Kollektivet
Romanen går føre seg i eit kollektiv. Tre litt karikerte unge kvinner bur saman: den vakre solstrålen Elena, tungsinna og asosiale Malene og eg-personen, som står midt mellom dette lyse og mørke. Etter kvart blir dei fire; ein forfattar som berre blir omtala med bokstaven A, flyttar inn, og nærværet hennar endrar dynamikken i kollektivet.
Det einaste A bryr seg om, er å skrive. Så lenge ho held seg i den fiktive verda, er ho til å halde ut med, men det er mykje som må leggjast til rette for at ho skal få til det: Jentene må slutte å ha besøk av menn dei treffer på pub, dei må slutte å ruse seg og dei får ikkje sjå på cage fighting eller annan TV. I ein periode må dei endåtil halde seg heilt isolerte; dei handlar det dei treng for ein periode, lukkar døra og blir i leilegheita i fleire veker.
Kammerspel
Forfattaren, A, er altså den som sit på makta i dette monotone, klaustrofobiske kammerspelet. Ho får omgjevnadene til å gi avkall på alt sitt. Elena blir til og med overtalt til å stille opp på litterære arrangement på vegner av henne fordi ho ikkje taklar «overanalyserende litterære diskusjoner». Ho meistrar ikkje å tale om sitt eige virke, si eiga skrift. Høyer harselerer slik med både den narsissistiske kunstnaren og den moderne forfattarrolla, der ein er forventa å stille til alle slags intervju og samtalar når det kanskje ikkje eigentleg spelar så mykje rolle kva ein seier.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.