Film

Kompromisslaus leikestove

Paul Thomas Anderson slår på den nostalgiske stortromma igjen, og det er knallmoro.

Gary Valentine (Cooper Hoffman) og Alana Kane (Alana Haim) forelskar seg i San Fernando Valley i 1973. Filmen er nominert til tre Oscar-prisar.
Gary Valentine (Cooper Hoffman) og Alana Kane (Alana Haim) forelskar seg i San Fernando Valley i 1973. Filmen er nominert til tre Oscar-prisar.
Publisert

Ungguten Gary (Hoffman) er litt av ein entreprenørtype som heng med tenåringskompisane sine og leikar kakse. At han forelskar seg i den ti år eldre Alana (Haim), er ikkje særleg problematisk i syttiåra i California, utanom at dei ser ikkje ut til å støyta på anna enn problem, då.

Korleis hadde Licorice Pizza vorte motteken om regissøren heitte Woody Allen, ikkje Paul Thomas Anderson? Usj, det kjennest feil berre å skriva det, men korleis kan ein ikkje nemna det i ein film der heile premissen ligg på at ei vaksen kvinne og ein gut innleier eit forhold? Og det gjev så veldig feil inntrykk av stemninga i filmen, som frå ende til annan er lett og morosam, på grensa til absurd fornøyeleg.

Det ville neppe fungert om kjønna bytte plass, det ville berre blitt endå meir woodyallensk. Dette i seg sjølv legg grunnlaget for eit ormebol av ein diskusjon, men den diskusjonen må eg legga til side fordi det er så mange andre aspekt med Licorice Pizza som gjer filmen usedvanleg sjåverdig.

For dei som såg og likte Boogie Nights (1997), er dette som eit gledeleg gjensyn, berre utan porno og kokain. Filmen går føre seg i Andersons barndomsnabolag, San Fernando Valley i Los Angeles, og ein merkar at han har mykje kjærleik og kjennskap til området.

At han igjen legg handlinga til syttiåra, går kan henda mykje på estetikk, men tida verkar i dag som uskuldig og optimistisk, og på mange måtar enklare, trass i både Vietnamkrig og oljekrise. Vass-seng var eksotisk, ikkje harry. Moralsk sett var nok dei laussleppte sekstiåra framleis gjeldande.

Musikken var fabelaktig, og lydsporet til Licorice Pizza likeså. «Licorice Pizza» var både slang for vinylsingel og namnet på ei platesjappe, og Anderson leikar seg med symbolikken i musikkbruken så det er ein fryd. Også dei mange små innhoppa til kjendisar som Tom Waits, Sean Penn og Bradley Cooper krydrar moroa, og lysta til å bruka ordet overflodshorn er uimotståeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement