Teater

Korleis kan ein eige stjernene?

Livsfilosofisk klassikar kunne her vore meir kjenslevar, men fengslar visuelt og musikalsk.

Linn Bjørnvik Grøder i hovudrolla som prinsen.
Linn Bjørnvik Grøder i hovudrolla som prinsen.
Publisert

Den vakre eventyrboka Den lille prinsen har gjennom åra fått ein sterk plass i klassikarkatalogen. Ulik andre eventyr og bøker appellerer ho òg ulikt til born og vaksne. Typisk for boka er dette lågmælte og sårbare under «fantasy»-fasaden. Teater- og filmversjonar er gjorde med svært ulike innfallsvinklar. Nationaltheatret fortel òg historia heilt annleis enn vi har sett ho før. Noko vil ein vel alltid sakne når ei bok ein synest godt om, går til scenen. Men kva så?

Scenebiletet er eit sirkus der guten frå ein framand planet dreg på erkjenningsreise frå planet til planet og etter kvart på jorda. Han undrar seg over materialismen og ignoransen folk har overfor venleik og godhug. Han lærer opp andre, og han lærer sjølv. Her er fine visuelle effektar, morosame kostyme, nydeleg akrobatikk og koreografi. Ikkje alle personane på prinsens veg vert like klåre, og her er nok nyansar ofra på showfaktorens alter. Men musikken er vakker og fyller ut mange stader der teksten i denne ramma ikkje kan bere seg åleine.

Det såre og ettertenksame kjem likevel ikkje så ofte opp til yta. Som prinsens møte med reven som så gjerne vil temjast. Dialogane mellom desse to er vel noko av det vakraste som er skrive om vennskap. Her vert det eit festleg musikalnummer, og den sjarmerande Jacob Jensen får berre i eit par gløtt ta fram einsemda til reven. Men Linn Bjørnvik Grøder som prinsen har heile tida ei nøktern ro i rolla, fint stemt mot alt det rare som elles skjer i historia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement