Film

Koseleg mobbefilm

Det gneistrar ikkje av Lars er LOL, men varmar gjer han.

Då Amanda kjem tilbake til skulen om hausten, blir ho fadder for den nye guten i klassa, Lars, som har Downs syndrom.
Då Amanda kjem tilbake til skulen om hausten, blir ho fadder for den nye guten i klassa, Lars, som har Downs syndrom.
Publisert

Då sjetteklassing Amanda (Schmidt) får beskjed om at ho skal vera fadder for Lars som har Downs syndrom (Vestnes), i staden for ein fyrsteklassing, så er ho mildt sagt ikkje begeistra. Og det blir ikkje betre av at klassen har ein jentetrio som ikkje er redd for å henga ut andre på sosiale medium.

For barna

Det er litt koseleg å sjå ein film som er så oppskriftsmessig barnefilm som Lars er LOL. Ein kan jo faktisk seia at han er etter boka, sidan filmen er basert på boka skriven av medmanusforfattar Iben Akerlie. Filmen er også etter boka på den måten at her er det litt av alt: mobbing, forelsking, utanforskap, venskap og Det store oppgjeret. Handlinga er lagd til Byggefelt Austlandet, eit gjenkjenneleg bakteppe, uansett kor i landet ein kjem frå. Det meste skjer jo rundt Oslo, trass alt, så det er trygt og godt.

Kråkeslottet der Lars bur, er akkurat så innbydande og spennande som det skal vera, og trengst som lokkemiddel for at me skal skjøna kvifor Amanda faktisk har lyst til å vera med Lars heim. Eg òg vil drikka lættis-latte og eta arme riddarar med bringebærsyltetøy, eg meiner snigleslim, på det koselege kjøkenet med alle plantene! Han ho er forelska i, er akkurat tøff nok og søt nok til at han heiar me på, og mobbegjengen er akkurat så tøffe og søte at me skjønar at dei skal me ikkje heia på.

Enkelfin

Som alltid er kanskje hovudutfordringa med familiefilmar at dei blir for barnslege for den aldersgruppa det faktisk handlar om, altså eg tippar tolvåringar vil tenka cringe. Men akkurat i den alderen er det meste kleint, så om dei må lida seg gjennom filmen, så tek dei neppe skade av det. Det kleinaste ville sikkert vore om dei som denne meldaren lét seg så lett røra til tårer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement