Teater

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Publisert

Lurer du på kvifor menneske i destruktive forhold ikkje maktar å gå frå kvarandre? Sjå Dødsdansen! August Strindberg veit ein del om dette. Men den versjonen regissør Kim Bjarke og Den Nationale Scene leverer, fekk meg til å gå heim og sjekke originalteksten. For her var det uventa mykje komikk. Eg kan ikkje sjå at regissøren har dikta radikalt om på stykket, sjølv om han har omarbeidd det litt, men han har drege det komiske så langt ut at det rokkar ved grunnstemninga.

Då blir spørsmålet: Kvifor? Er dette nok eit døme på det vi litt for ofte har sett på norske teaterscenar dei siste åra? Manglande tiltru til ein tekst som i over 120 år har synt seg stadig like relevant og drepande aktuell? Eller mistru til eit publikum som sju dagar i veka blir så overfôra med underhaldning at dei kanskje ikkje lenger er i stand til å skilje skitt frå kanel? Om det siste er rett, finst det vel ingen institusjon som skulle vere nærare til å få fram det «rette» enn nettopp teateret?

Dobbelt innestengd

Slik eg kjenner dette dramaet frå 1901 – som knyter tett an til 1880-talsstykka til August Strindberg, dominerte av krigen mellom kjønna – er det fortetta naturalisme prega av ein grotesk og marerittaktig atmosfære som stundom peiker fram mot visse sider av absurdistisk teater.

Dei to hovudpersonane Edgar (Stig Amdam) og Alice (Ragnhild M. Gudbrandsen) lever dobbelt innestengt. Dei bur i eit militært festningstårn på ei isolert øy, der det især for Edgar, kapteinen som aldri blei oberst, er om å gjere å halde avstand til alle idiotane som ikkje skjøner kva for ein storleik han er.

Isolasjonen blir ikkje mindre av at dei tre bipersonane i stykket i denne framsyninga er kutta heilt ut, og at vi berre får høyre at to av dei nett har sagt opp stillingane sine. Scenografien er naken, med tre stolar, noko som kan minne om ei biletramme i bakgrunnen, og eit piano som helst blir nytta som våpen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement