Krigsherja Lindgren-klassikar

Eventyrmystikken svinn fort når eventyr skal bli notidsrealisme.

Ronja og Birk vert spelte av Thea Lambrechts Vaulen og Peiman Azizpour.

Teater

Publisert

Den siste store barneboksuksessen til Astrid Lindgren var ein lun og fengslande leik med gamal nordisk folketru, på borns premissar. Røvarar, vette og underjordiske er fenomen frå folkeeventyra, og der er dei naturleg heime.

Historia i Ronja Røvardotter er om konflikten mellom to røvarfamiliar, ein konflikt som vert spissa ved at dottera i den eine og sonen i den andre røvarfamilien vert uskiljelege vener. Då ventar det flukt ut i den farlege skogen og mange farlege samanstøytar, ikkje så ulikt det som skjer i Shakespeares Romeo og Julie og Leiken i skogen (As You Like It).

Det Norske Teatret har sett mykje gode krefter inn i ei effektfull og musikalsk velklingande oppsetjing, men grepet med å plassere handlinga i eit krigsherja område, med traumatiserte born i staden for småvette, vert litt for insisterande aktuelt. Her skal ein snakke om TV og chips og bilar mellom primitive menneske som bur i ei steinborg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement