Bok
Krim som pensum
Kan ein ta urovekkjande samtidsthrillerar inn på pensum i statsvitskap?
Han kan ta nattesvevnen frå deg, den nye thrilleren frå den engelske forfattaren Ken Follett. Boka heiter Aldri. Eg lurer på om eg skal ta henne inn på pensum i innføringsemnet i internasjonal politikk (IP).
For boka fortel om ei storpolitisk krise som driv verda mot ein tredje verdskrig. Handlinga er innom fleire av samtidas storpolitiske saker – klimakrise, fattigdom, flyktningstraumar, smugling, islamisme, terrorisme, nordkoreanske atomvåpen og amerikansk og kinesisk tryggingspolitikk. Og viktigast av alt: Boka syner korleis desse sakene med eitt grip inn i kvarandre og skaper ein skjebnesvanger storpolitisk dynamikk.
Hovudpersonane er presidentane i USA, Kina og Nord-Korea; dei heiter Pauline Greene, Chen Hurun og No Doo Wei. Kva er vitsen med å lese om oppdikta personar, tenkjer studentane kanskje, og særleg dersom diktverket er ein murstein på om lag 700 sider? (Studentane i dag er særs pragmatiske. Ein kan undre på om dei les romanar i det heile? Eller om dei ventar til dei kjem på Netflix?)
Prislønt forfattar
Kven er denne Follett, forresten? Studentar som googlar namnet hans, finn raskt ut at han er ein gamal mann i 70-åra. Kva veit vel han om dagens internasjonale politikk?
Ein heil del, viser det seg. Han slo gjennom for 50 år sidan med storpolitiske thrillerar som Nålen og Rebecca-koden. Bøkene hans har vunne prisar, selt i millionopplag og blitt filmatiserte. Blant dei siste er ein tjukk trilogi om det 20. hundreåret; ho kom for om lag ti år sidan. Etterpå har han skrive tre romanar om katedralbyggjarar i mellomalderens England.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.