Film

Krutsprøyt

Den sjølvfinansierte westernfilmen til Kevin Costner er tre triste, trauste timar.

Oscar-vinnar Kevin Costner regisserer og spelar hovudrolla i westerndramaet som han har finansiert sjølv.
Oscar-vinnar Kevin Costner regisserer og spelar hovudrolla i westerndramaet som han har finansiert sjølv.
Publisert

Dei store studioa i USA ville ikkje investere i Horizon, det gigantiske nye prosjektet til Kevin Costner. No har rikingen knust sparegrisen for ein revansj som tradisjonen tru byr på sjefen sjølv i hovudrolla i ein film om «Det ville vesten» i USA under borgarkrigen.

Gamle gønnarar

Det tek lang tid før regissøren viser eige andlet. Det kjennest som om innramminga er meir forseggjord nett då, medan foto elles enkelt kviler seg på fin natur. Haustgule blad i Wyoming er jo flott.

Den innleiande timen introduserer Costner elles tallause figurar som dei som orkar, skal følgje framover. Ein slit med å halde følgje, sjølv om stilen er ekstremt didaktisk, overtydeleg og simpel. Stilistisk, tematisk og musikalsk kjennest det som ei tidsreise der tonane til Jon Bon Jovi til Young Guns kunne dukka opp. Men så forfriskande er ikkje dette mølet. Fløyter og strykarar set alle klutar til frå fyrste scene. Vi får skummel musikk når «indianarar» nærmar seg for å massakrere folk. Omsorgsfulle blonde kvinner er truga. Dei liknar ein Timotei-reklame frå åttiåra. Rett nok er dei blodtørstige blant dei kvite like forelda sjablongar.

Ein fornuftig kar som veit namna på ulike folkeslag og forstår dynamikken i koloniseringa, verkar nærast som ein anakronisme. Retrorasismen minner meir om dei tidlege åra til Costner sjølv enn dei mest tonedøve klassikarane frå gullalderen innan sjangeren.

Ikkje snakk om Kevin

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement