Musikk
Kulturberar utan statleg støtte
Landskappleiken handlar om dugnad og stor innsats frå små lokalsamfunn. Finansminister Vedum vil sjå om det er mogleg med bidrag frå staten.
Trygve Slagsvold Vedum blei motteken av partifelle og ordførar Bjarne Eiolf Holø då han kom til Lom og Landskappleiken sist fredag.
Foto: Halvor Tjønn
Fredag førre veke vitja finansminister Trygve Slagsvold Vedum Landskappleiken i Lom. Han kom til sine eigne, og endå meir populær var bodskapen han hadde med seg:
– Sjølvsagt kan eg ikkje lova pengar til Landskappleiken her over bordet. Men å støtta dette verdifulle tiltaket er noko me må tenkja på, sa han under vitjinga.
Største mønstringa
Landskappleiken er den største mønstringa av norsk folkemusikk og folkedans. Kvart år ved midtsommarsleite kjem rundt rekna 1000 deltakarar og noko slikt som 5000 publikummarar saman på ein stad i Sør-Noreg der det beste i tradisjonsmusikken blir vist fram.
Faktisk er Landskappleiken Noregs eldste festival: Den fyrste blei arrangert av Vestmannalaget i Bergen i 1896. Sidan har festivalen ambulert frå stad til stad. I fjor var han på Rjukan, og neste år blir det på Gol i Hallingdal. Problemet er at arrangementet er blitt for stort for dei ofte små folkemusikklaga. Statleg støtte er fråverande, og den økonomiske risikoen er tilsvarande stor. Difor er det sjeldan nokon lang kø av lokallag som vil ha arrangementet.
Trygve Slagsvold Vedum blei orientert om dette då han kom til Landskappleiken i Lom. Til vanleg er det heller sjeldan at statsrådar kjem til Landskappleiken, og ikkje minst difor blei han godt motteken. Då han gjekk omkring på festivalområdet, var det få spor etter dei heller låge galluptala til Senterpartiet den siste tida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.