Bok
Kulturhistorisk kaleidoskop
Morten A. Strøksnes har lagt ut på ein ambisiøs seglas, og kjem vel i hamn.
Kenja, far og son i Long Pelaban ved Kayan-elva i Borneo cirka 1915.
Foto frå boka: Carl Lumholtz
Morten A. Strøksnes har skrive ein imponerande 800 siders biografi om Carl Lumholtz og om tida han levde i. Lumholtz (1851–1922) var naturvitskapsmann, vidkjend som globetrotter, etnograf, forfattar og fotograf. Han studerte livsvilkåra blant ulike stammar og drog på fleire ekspedisjonar til Australia, Mexico og Borneo. Her oppdaga han nye plante- og dyrearter og skaffa seg kunnskap om bergartar, fuglar, pattedyr, krypdyr og planter. Han samla også eit enormt arkeologisk materiale.
Strøksnes har studert livet til oppdagaren, vandra i fotefara hans og granska dei mørke skuggane i den oppfatninga av menneskeslekta som enno heng att. Det er vorte ei vellukka bok. Det sprutar av journalistisk glede og overskot i pennen til Strøksnes, og han set oppdagaren overtydande inn i ein mentalhistorisk samanheng.
Kolonialisme
Lumholtz voks opp på Lillehammer, utdanna seg til prest, men interesserte seg meir for naturen, for steinar, plantar og dyr, særleg fuglar som han fekk utstoppa. Han vandra i fjella og vart som ung ein av dei unge vitskapsmennene som vart sende til framande himmelstrok for å hente inn kunnskap om natur og menneske langt heimanfrå.
Han drog først til Queensland i Australia, der han levde saman med sankarar og jegerar, såkalla aboriginar, i den tropiske regnskogen. Ivrig lytta han til samtalane rundt leirbåla og vart snøgt ein av dei som dei innfødde gjerne ville tru seg til. Tidleg vart han overtydd om at den europeiske sivilisasjonen var demoraliserande og øydeleggjande. Dei innfødde som ikkje hadde møtt kvite menneske, synte større velvilje, toleranse og godhug enn dei som hadde røynsler om kolonistar og andre europearar. Dei aboriginane som hadde levd isolert, var meir smålåtne, trufaste og pålitelege enn dei som hadde levd saman med folk frå Europa.
Kolonistane frå Europa gjekk omsynslaust fram. Mange av dei såg på dei innfødde som skadedyr. Unge menn frå stasjonane brukte søndagane til å jakte på innfødde med gevær. Ein kolonist skaut svarte menn han møtte på beitemarkene, fordi han meinte dei drap kveget hans. Han avliva kvinner fordi dei fødde kvegdreparar, og barna fordi dei var i ferd med å verte kvegdreparar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.