Teater

Kulturkrasj inni ein kval

Japansk-norsk teatereksperiment forvirrar meir enn det fengslar.

Frå venstre: Henriette Marø, Anneke von der Lippe, Eindride Eidsvold, Ingjerd Egeberg og Kjersti Tveterås.
Frå venstre: Henriette Marø, Anneke von der Lippe, Eindride Eidsvold, Ingjerd Egeberg og Kjersti Tveterås.
Publisert

Den japanske multikunstnaren Toshiki Okada er eit brennheitt namn på den moderne fløya av europeisk teater. Han skriv og regisserer fabulerande, med ein eigenarta kontrastbruk av tekst i høve til rørsle.

I det første teaterprosjektet sitt i Noreg har han laga ein moderne variant av bibellegenda om Jonas i kvalfiskens buk: Fem menneske er på underleg vis hamna inni ein kval, og medan dei lurar på korleis dei skal kome ut att, fordriv dei tida med å utveksle historier og drodle om ulike exit-alternativ.

Det er ei teaterform som krev særeigen konsentrasjon, både frå dei som spelar og oss som skal sjå på. At det absurdistisk koreograferte kroppsspråket til skodespelarane tek så mykje merksemd at vi ikkje greier følgje med på kva dei seier, det kan vi ikkje laste skodespelarane for. Det kan vere vår eiga skuld. Vi skjønar sjølvsagt at dette er teater som kommenterer den usikre samtida vår, ei pandemi- og miljøskadd tid på nippet til ein ny verdskrig. Eller har vi ikkje skjøna rett? Det er vanskeleg å gje åtgaum til ei framsyning som kommuniserer så indirekte og kryptisk med publikum.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement